YouVersion Logo
Search Icon

Habakkuk 1

1
1Dette er dei domsord som profeten Habakkuk fekk i synene sine.
Klage over urettferd
2Kor lenge, Herre, skal eg ropa
utan at du gjev meg svar,
klaga og skrika til deg om vald
utan at du frelser?
3Kvifor lèt du meg sjå urett
og vera vitne til ulukke?
Eg ser berre øyding og vald,
det kjem til strid og trette.
4Difor er lova maktlaus,
og retten vinn ikkje fram.
For gudlause kringset ¬dei rettvise,
og dermed vert retten rengd. #1,4 gudlause assyrarane, som driv med sitt valdsherredøme.#Ordt 17,23
Guds straffedom ved kaldearane
5Gjev akt på folka, sjå dykk om,
mållause av undring!
For ei gjerning gjer eg ¬i dykkar dagar
– de ville ikkje tru det ¬om det vart fortalt! #Apg 13,41
6Sjå, eg vekkjer kaldearane,
det harde og framfuse folket,
som fer så vide ikring på jorda
og tek framande bustader ¬i eige.
7Grufulle og skræmande er dei,
dei avgjer sjølve sin rett ¬og si ære.
8Deira hestar er raskare ¬enn leopardar,
snøggare spring dei ¬enn steppeulvar.
Deira hestfolk kjem ¬i strykande tan,
deira ridehestar ¬frå land langt borte.
Som ørna på jakt etter føde
9kjem dei alle ¬og vil gjera valdsverk.
Stridslystne går dei på,
dei samlar fangar som sand.
10Dei spottar kongar
og har hovdingar til lått.
Dei ler åt kvar festning,
kastar opp ein voll ¬og tek henne.
11Så fer dei sin veg ¬og vert borte som vinden.
Dei gjer sin eigen styrke ¬til sin gud.
Kvifor har du tol med dei trulause?
12Er ikkje du frå gamal tid,
Herre, min heilage Gud, ¬du som aldri døyr?
Du, Herre, ¬har sett dei til å straffa,
du, vårt berg, ¬har sendt dei til å tukta.
# 1,12 dei kaldearane. Sml. v. 6. # Jer 46,28
13Augo dine er for reine ¬til å sjå på det vonde,
og ulukke orkar du ikkje Πskoda.
Kvifor har du tol ¬med dei trulause
og teier når gudlause sluker
dei som er rettferdigare ¬enn dei sjølve? #Job 21,7ff; Jer 12,1
14Du gjer med mennesket ¬som med fisken i sjøen,
som med kreket utan herre. #1 Kong 22,17
15Dei dreg dei alle opp ¬med krok,
og halar dei inn med not,
dei samlar dei i garnet.
Difor er dei jublande glade.
16Difor ofrar dei til nota
og brenner røykjelse ¬for garnet.
For feit er fangsten ¬som desse gjev dei,
og nærande er føda. #1,16 ofrar dei til nota Det hende at fiskarane synte religiøs age for dei reiskapane som gav dei fangst.
17Skal dei då alltid få tøma nota
og utan skånsel ¬gjera ende på folkeslag?

Currently Selected:

Habakkuk 1: N78NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy