YouVersion Logo
Search Icon

Esekiel 1

1
Esekiel får sjå Guds herlegdom
1I det trettiande året, den femte dagen i den fjerde månaden, medan eg var mellom dei bortførte attmed Kebar-elva, hende det at himmelen opna seg, og eg fekk sjå syner frå Gud.#1,1 Kebar-elva ein kanal i samanheng med Eufrat. Der låg byen Tel-Aviv, der dei bortførte judearane levde.
2Den femte dagen i månaden – det var i det femte året etter at kong Jojakin var bortført – #1,2 kong Jojakin var bortført i år 597 f.Kr. På same tid kom profeten Esekiel til Babylonia.#2 Kong 24,15 3kom Herrens ord til presten Esekiel, son til Busi, attmed Kebar-elva i Kaldea. Herrens hand kom over han der.#3,22; 8,1; 33,22; 37,1; 40,1
4Eg hadde eit syn, og sjå, eit stormver kom frå nord. Det var ei stor sky med logande eld. Det stråla og skein ikring henne, og inne i elden blinka det som av skinande metall. #1:4ei stor sky med logande eld teikn på at Gud var nær. [2 Mos 13,21.]#2 Mos 13,21; Sal 18,11; 97,3 5Midt i elden viste det seg liksom fire skapningar som såg såleis ut: Dei hadde utsjånad som menneske, #1,5 fire skapningar himmelske skapningar som ber Herrens kongsstol; dei vert kalla kjerubar òg, kap. 10; sml. 2 Mos 25,18ff. #10,9ff; Op 4,6–8 6men kvar av dei hadde fire andlet og fire venger. 7Føtene deira var beine, fotblada likna kalveklauver, og dei stråla som skinande bronse. 8Skapningane hadde menneskehender under vengene på alle fire sidene, og alle heldt andleta og vengene såleis: 9Dei nådde bortåt kvarandre med vengene. Dei snudde seg ikkje når dei gjekk, men kvar av dei gjekk beint fram. 10Såleis såg andleta deira ut: Dei hadde menneskeandlet framme, og alle fire hadde løveandlet på høgre sida, okseandlet på venstre sida og ørneandlet bak. 11Det øvste vengeparet var utspent såleis at den eine skapningen nådde bortåt den andre, og med dei to andre vengene løynde dei kroppen. 12Kvar av dei gjekk beint fram. Dei gjekk dit ånda ville, og snudde seg ikkje når dei gjekk.
13Skapningane såg ut som brennande kol og som faklar. Elden fór att og fram mellom skapningane. Det stråla av han, og det gjekk lyn ut frå han. 14Skapningane fór att og fram og var som lyn å sjå til.
15Medan eg såg på skapningane, sjå, då var det eit hjul på jorda attmed alle fire. 16Hjula såg ut som om dei var laga av noko som likna krysolitt, og alle fire var eins på skap. Det såg ut som dei var laga såleis at det eine hjulet var inni det andre. #10,9ff 17Dei gjekk til alle fire sidene, og dei snudde seg ikkje når dei gjekk. 18Hjulringane var høge og skræmelege, og det var fullt av augo rundt ikring på alle fire hjula. #1,18 fullt av augo ord for at Herren ser alt. 19Når skapningane gjekk, gjekk hjula attmed dei, og når skapningane lyfte seg frå jorda, lyfte hjula seg òg. 20Dei gjekk nett dit ånda ville. Og hjula lyfte seg saman med dei, for ånda åt skapningane var i hjula. #1,20 ånda ånda til dei fire skapningane; ho avgjer korleis hjula skal røra seg. Sml. 10,17. 21Dei gjekk når skapningane gjekk, og stod når dei stod. Og når dei lyfte seg frå jorda, lyfte hjula seg saman med dei; for ånda åt skapningane var i hjula.
22Over hovuda på skapningane var det noko som likna ein kvelv. Det var som krystall, skræmeleg å sjå til, utspent høgt over hovuda på dei. #1,22 ein kvelv himmelkvelven. Over kvelven er Guds kongsstol. Sml. v. 26; 10,1. 23Under kvelven rette vengene seg ut, så dei nådde bortåt kvarandre. Kvar skapning hadde òg to venger som dei løynde kroppen med. 24Når dei gjekk, høyrde eg lyden av vengene deira. Det var som duren av store vassmengder, som røysta åt Den Allmektige, som ståket frå ein leir. Men når dei stogga, lét dei vengene siga. 25Det lydde eit drøn over kvelven som var over hovudet deira. Men når dei stogga, lét dei vengene siga.
26Høgt oppe over denne kvelven var det noko som likna safirstein. Det var på skap som ein tronstol, og på denne stolen sat det ein skapnad; han var som eit menneske å sjå til. #2 Mos 24,10; Op 4,2ff 27Frå det som syntest å vera hoftene hans, og oppover, såg eg noko som likna skinande metall; det var som eld med ein ring ikring. Frå det som syntest å vera hoftene, og nedover, såg eg noko som likna eld, med ein strålande glans rundt ikring. 28Synet av glansen var som synet av regnbogen når han viser seg i skya ein regnversdag. Såleis var synet av Herrens herlegdom. Då eg såg det, fall eg ned med andletet mot jorda. Og eg høyrde røysta åt ein som tala.#8,4; 43,3; Dan 8,17.18

Currently Selected:

Esekiel 1: N78NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy