YouVersion Logo
Search Icon

Johannes 21

21
Jesus syner seg for læresveinane ved Tiberias-sjøen
1Sidan openberra Jesus seg endå ein gong for læresveinane; det var ved Tiberias-sjøen, og gjekk såleis til: 2Simon Peter, Tomas, som vart kalla Tvillingen, Natanael frå Kana i Galilea, Sebedeus-sønene og to andre av læresveinane hans var i lag der. 3Simon Peter seier til dei andre: «Eg vil av og fiska.» «Vi går med, vi òg,» sa dei. Så gjekk dei av stad og steig i båten; men den natta fekk dei ikkje noko.
4Då det tok til å dagast, stod Jesus på stranda, men læresveinane visste ikkje at det var han. #Luk 24,16; Joh 20,14 5Jesus sa til dei: «De har vel ikkje noko fisk, born?» «Nei,» svara dei. 6«Kast nota på høgre sida av båten, så får de fisk,» sa han. Dei kasta nota, og då greidde dei ikkje å dra henne opp, så mykje fisk hadde dei fått. #Luk 5,4 7Den læresveinen som Jesus hadde kjær, sa til Peter: «Det er Herren.» Då Simon Peter høyrde at det var Herren, batt han kappa om seg – den hadde han teke av – og hoppa i sjøen. 8Dei andre læresveinane kom med båten og drog nota med fisken etter seg. Dei var ikkje langt frå land, berre to hundre alner om lag.
9Då dei kom i land, fekk dei sjå ein glohaug der med fisk på og brød. 10«Kom hit med noko av den fisken de fekk,» sa Jesus til dei. 11Simon Peter gjekk då ut i båten og drog nota på land. Ho var full av store fiskar, eit hundre og femtitre i alt. Men endå det var så mange, rivna ikkje nota. 12Jesus sa til dei: «Kom og få mat!» Ingen av læresveinane våga å spørja han: «Kven er du?» Dei visste at det var Herren. 13Då gjekk Jesus fram, tok brødet og gav dei, og like eins fisken.#6,11
14Dette var tredje gongen Jesus openberra seg for læresveinane etter at han hadde stått opp frå dei døde.#20,19.26
Jesus og Peter
15Då dei hadde halde måltid, sa Jesus til Simon Peter: «Simon Johannesson, elskar du meg meir enn desse?» «Ja, Herre,» svara han, «du veit at eg held av deg.» Jesus seier til han: «Fød lamma mine!» 16Og han seier til han andre gongen: «Simon Johannesson, elskar du meg?» «Ja, Herre,» svara Peter, «du veit at eg held av deg.» Jesus seier til han: «Gjæt sauene mine!» #Luk 22,32; Apg 20,28; 1 Pet 5,2; Ef 4,11 17Så seier han tredje gongen: «Simon Johannesson, held du av meg?» Peter tykte det var leitt at Jesus tredje gongen spurde: «Held du av meg?» Og han svara: «Herre, du veit alt; du veit at eg held av deg.» Jesus seier til han: «Fød sauene mine! 18Sanneleg, sanneleg, det seier eg deg: Då du var ung, batt du sjølv beltet om deg og gjekk dit du ville. Men når du vert gamal, skal du retta ut hendene, og ein annan skal binda beltet om deg og føra deg dit du ikkje vil.» #13,36; 2 Pet 1,14 19Det sa han for å syna kva slag død han skulle æra Gud med.
Då han hadde sagt dette, sa han til Peter: «Fylg meg!» 20Peter snudde seg og såg at den læresveinen som Jesus hadde kjær, fylgde etter. Det var han som hadde bøygt seg nærare innåt Jesus då dei heldt måltid, og spurt: «Herre, kven er det som skal svika deg?» #13,23ff 21Då Peter såg han, sa han til Jesus: «Herre, korleis skal det så gå med han?» 22Jesus svara: «Om eg vil at han skal leva til eg kjem, kva har du med det? Fylg du meg!» 23Så kom det ordet ut mellom brørne: «Den læresveinen skal ikkje døy.» Men Jesus sa ikkje at han ikkje skulle døy; det han sa, var: «Om eg vil at han skal leva til eg kjem, kva har du med det?»
Sluttord
24Det er den læresveinen som vitnar om desse ting og har skrive dette. Og vi veit at vitnemålet hans er sant.#19,35
25Det er òg mykje anna som Jesus har gjort. Skulle det skrivast opp, kvar ting for seg, trur eg ikkje heile verda kunne røma dei bøkene som då måtte skrivast.#20,30

Currently Selected:

Johannes 21: N78NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy