YouVersion Logo
Search Icon

Johannes 19

19
1Pilatus tok no Jesus og lét dei piska han. 2Soldatane fletta ei klungerkrone og sette på hovudet hans og hadde på han ei purpurkåpe.#Matt 27,27ff; Mark 15,16ff 3Så steig dei fram for han og sa: «Ver helsa, du jødekonge!» Og dei slo han i andletet. 4Atter gjekk Pilatus ut or borga og sa til folket: «Her kjem eg ut til dykk med han, så de skal skjøna at eg ikkje finn skuld hjå han.» 5Så kom Jesus ut, med klungerkrona og purpurkåpa på. Og Pilatus sa til dei: «Sjå det mennesket!» 6Men då overprestane og mennene deira fekk sjå han, ropa dei: «Krossfest! Krossfest!» Pilatus seier til dei: «Ta de og krossfest han! Eg finn inga skuld hjå han.» #18,31 7Jødane svara: «Vi har ei lov, og etter lova er han skuldig til å døy, fordi han har gjort seg sjølv til Guds Son.»#3 Mos 24,16; Joh 10,33ff+
8Då Pilatus høyrde det, vart han endå reddare. 9Han gjekk inn att i borga og sa til Jesus: «Kvar er du ifrå?» Men Jesus gav han ikkje noko svar. 10«Svarar du meg ikkje?» sa Pilatus. «Veit du ikkje at eg har makt til å gje deg fri og makt til å krossfesta deg?» 11Jesus svara: «Du hadde inga makt over meg om du ikkje hadde fått henne ovanfrå. Difor har han større skuld, han som gav meg over til deg.» #Rom 13,1+ 12Etter dette ville Pilatus gjerne gje han fri. Men jødane ropa: «Gjev du denne mannen fri, er du ikkje keisarens ven. Den som gjer seg sjølv til konge, set seg opp mot keisaren.»
Jesus vert dømd
(Matt 27,22–26; Mark 15,12–15; Luk 23,21–25)
13Då Pilatus høyrde det, førte han Jesus ut or borga og sette seg i domarsetet på ein stad dei kallar Helleplassen, på hebraisk Gabbata. 14Det var helgaftan før påske, ikring den sjette timen. Så seier Pilatus til jødane: «Sjå, her er kongen dykkar!» 15Men dei ropa: «Bort med han, bort med han! Krossfest han!» «Skal eg krossfesta kongen dykkar?» spurde Pilatus. «Vi har ingen annan konge enn keisaren,» svara overprestane. #18,37 16Då gav han Jesus over til dei, så han skulle krossfestast.
Krossfesting og død
(Matt 27,31–56; Mark 15,21–41; Luk 23,26–49)
17Så tok dei Jesus med seg. Han bar sjølv krossen sin og gjekk ut til den staden dei kallar Hovudskallen, på hebraisk Golgata. 18Der krossfeste dei han, og saman med han to andre, ein på kvar side, og Jesus midt imellom dei. 19Pilatus hadde skrive ei innskrift og sett på krossen. Der stod det: «Jesus frå Nasaret, kongen over jødane.» 20Mange av jødane las denne innskrifta, for staden der Jesus vart krossfest, låg nær byen, og innskrifta var på hebraisk, latin og gresk. 21Overprestane åt jødane sa då til Pilatus: «Skriv ikkje kongen over jødane, men at han sa: Eg er konge over jødane.» 22Pilatus svara: «Det eg skreiv, det skreiv eg.»
23Då soldatane hadde krossfest Jesus, tok dei kleda hans og skifte dei i fire luter, ein lut til kvar soldat. Kjortelen tok dei òg; han var utan saumar, heilvoven ovanfrå og ned. 24Då sa dei til kvarandre: «Lat oss ikkje riva han sund, men kasta lodd om kven som skal ha han!» Såleis skulle dette skriftordet oppfyllast:#Sal 22,19
Dei skifte kleda mine ¬mellom seg
og kasta lodd om kjortelen min.
Dette gjorde soldatane.
25Attmed Jesu kross stod mor hans og morsyster hans, Maria som var gift med Klopas, og Maria Magdalena. #Luk 2,35 26Då Jesus fekk auga på mor si, og såg den læresveinen han hadde kjær stå attmed henne, sa han til mor si: «Kvinne, det er son din.» #13,23+ 27Så sa han til læresveinen: «Det er mor di.» Frå den stunda tok læresveinen henne heim til seg.
28Jesus visste no at alt var fullført. Og for at Skrifta skulle oppfyllast, sa han: «Eg er tyrst.» #Sal 22,16 29Det stod eit kar med eddikvin der. Av den vinen fylte dei ein svamp, som dei sette på ein isopstilk og heldt opp til munnen hans. #19,29 isop Sjå Tillegg.#Sal 69,22 30Då Jesus hadde fått eddikvinen, sa han: «Det er fullført!» Så bøygde han hovudet og anda ut.
31Det var helgaftan, og dei døde måtte ikkje verta hangande på krossen over sabbaten, for denne sabbaten var ein stor høgtidsdag. Difor bad jødane Pilatus at beina måtte brytast på dei og lika takast ned. #19,31 bryta beina Når romarane ville hjelpa dei krossfeste til ein snøgg død, braut dei ofte leggene deira. #5 Mos 21,22f 32Soldatane kom då og braut beina, fyrst på den eine og så på den andre som hadde vorte krossfeste saman med Jesus. 33Då dei kom til Jesus, såg dei at han alt var død, og dei braut ikkje hans bein. 34Men ein av soldatane stakk han i sida med eit spyd, og straks rann det ut blod og vatn. #1 Joh 5,6 35Dette vitnar han som har sett det, og vitnemålet hans er sant. Han veit at det han seier, er sant, så de òg skal tru. #21,24 36Dette hende for at skriftordet skulle oppfyllast:#2 Mos 12,46; Sal 34,21
Ikkje eit bein skal brytast ¬på han.
37Og eit anna skriftord seier:#Sak 12,10
Dei skal sjå på han ¬som dei har gjennomstunge.
Jesus vert gravlagd
(Matt 27,57–61; Mark 15,42–47; Luk 23,50–56)
38Josef frå Arimatea bad no Pilatus om lov til å ta ned Jesu lekam. Josef var ein av læresveinane til Jesus, men i løynd, av di han var redd jødane. Pilatus gav han lov til det, og han kom og tok ned lekamen. #7,13+ 39Nikodemus òg var der, han som fyrste gongen var komen til Jesus om natta. Han hadde med seg ei blanding av myrra og aloë, ikring hundre pund. #19,39 myrra[Matt 2,11.]#19,39 aloë[Sal 45,9.]#3,1f; 7,50 40Då tok dei Jesu lekam og sveipte han i linklede med den angande salven, som skikken var hjå jødane når nokon skulle gravleggjast. 41På den staden Jesus vart krossfest, var det ein hage, og i hagen ei ny grav, som ingen endå var lagd i. 42Der la dei Jesus, fordi det var helgaftan hjå jødane og grava låg så nær.

Currently Selected:

Johannes 19: N78NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy