YouVersion Logo
Search Icon

Johannes 14

14
Vegen, sanninga og livet
1Lat ikkje hjarta dykkar uroast! Tru på Gud, og tru på meg! #14,27 2I huset åt Far min er det mange rom. Var det ikkje så, hadde eg sagt dykk det. For eg går bort og vil stella til ein stad åt dykk. #Hebr 6,19f 3Og når eg har gått bort og stelt til ein stad åt dykk, kjem eg att og tek dykk til meg, så de skal vera der eg er. #17,24; 1 Tess 4,16f 4Og dit eg går, veit de vegen.»
5Tomas seier til han: «Herre, vi veit ikkje kvar du går av; korleis kan vi då vita vegen?» 6Jesus seier: «Eg er vegen, sanninga og livet. Ingen kjem til Faderen utan gjennom meg. #1,14; 10,9; 11,25 7Hadde de kjent meg, hadde de kjent Far min òg. Frå no av kjenner de han og har sett han.»#8,19
8Filip seier til han: «Herre, lat oss få sjå Faderen, så har vi nok.» 9Jesus svarar: «No har eg vore så lang ei tid saman med dykk, og du kjenner meg ikkje, Filip? Den som har sett meg, har sett Faderen. Korleis kan du då seia: Lat oss få sjå Faderen? #1,18; 12,45 10Trur du ikkje at eg er i Faderen og Faderen i meg? Dei ord eg talar til dykk, har eg ikkje frå meg sjølv; det er Faderen som er i meg og gjer sine gjerningar. #10,38+; 7,16+ 11Tru meg når eg seier at eg er i Faderen og Faderen i meg. Om ikkje for anna, så tru det for gjerningane skuld. #5,36+ 12Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Den som trur på meg, han skal gjera dei gjerningane som eg gjer. Ja, han skal gjera større gjerningar enn dei, for eg går til Faderen. 13Det de bed om i mitt namn, vil eg gjera, så Faderen skal verta herleggjord gjennom Sonen. #Matt 7,7+; Joh 15,7.16; 16.23f 14Bed de meg om noko i mitt namn, så skal eg gjera det.
Lovnad om Den Heilage Ande
15Elskar de meg, så held de boda mine. #1 Joh 5,3 16Då vil eg be Faderen, og han skal gje dykk ein annan talsmann som skal vera hjå dykk for alltid: #14,16 talsmann Det greske ordet kan òg tyda: hjelpar, trøystar, advokat. #14,26; 15,26; 16,7 17Sanningsanden. Verda kan ikkje ta imot han, for ho ser han ikkje og kjenner han ikkje. Men de kjenner han; for han bur hjå dykk og skal vera i dykk. 18Eg vil ikkje la dykk vera att som foreldrelause born; eg kjem til dykk. 19Om ei lita stund ser ikkje verda meg lenger. Men de ser meg, for eg lever, og de skal leva. #7,33f; 16,16 20Den dagen skal de skjøna at eg er i Far min, og at de er i meg og eg i dykk.#10,38+
21Den som har boda mine og held dei, han er det som elskar meg. Og den som elskar meg, han skal Far min elska. Eg òg skal elska han og openberra meg for han.»
22Judas, ikkje Iskariot, seier til han: «Herre, korleis har det seg at du vil openberra deg for oss og ikkje for verda?» #Apg 10,40f 23Jesus svara:
Den som elskar meg, held fast på ordet mitt. Og Far min skal elska han, og vi skal koma til han og ta bustad hjå han. #Op 3,20 24Den som ikkje elskar meg, held ikkje fast på orda mine. Og det ordet de høyrer, er ikkje mitt, men Faderens, han som har sendt meg. #7,16+ 25Dette har eg tala til dykk medan eg enno er hjå dykk. 26Men talsmannen, Den Heilage Ande, som Faderen skal senda i mitt namn, han skal læra dykk alt og minna dykk om alt det eg har sagt dykk.#14,16+; 1 Joh 2,20.27
Kristi fred
27Fred etterlèt eg dykk, min fred gjev eg dykk. Eg gjev dykk ikkje fred på same måten som verda gjer det. Lat ikkje hjarta dykkar uroast, og ver ikkje motlause! #Ef 2,14; Fil 4,7 28De høyrde at eg sa: Eg går bort, og eg kjem til dykk att. Elska de meg, så gledde de dykk over at eg går til Faderen; for Faderen er større enn eg. #13,1+ 29No har eg sagt dykk det før det hender, så de skal tru når det hender. #13,19 30Heretter kjem eg ikkje til å tala mykje med dykk; for hovdingen over denne verda kjem. Han har ikkje noko krav på meg; #12,31 31men verda skal skjøna at eg elskar Faderen, og at eg gjer som han har sagt meg. Reis dykk, og lat oss gå herifrå!#Matt 26,46

Currently Selected:

Johannes 14: N78NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy