YouVersion Logo
Search Icon

2. Johannes 1

1
Helsing
1Den eldste helsar den utvalde frua og borna hennar, som eg elskar med ein sann kjærleik, ja, ikkje berre eg, men alle som har lært sanninga å kjenna. #0,1 den utvalde frua kyrkjelyden.#1 Pet 5,1; 3 Joh 1 2Vi gjer det fordi sanninga bur i oss og vil vera med oss til evig tid. 3Nåde, miskunn og fred frå Gud, Faderen, og frå Jesus Kristus, Faderens Son, vere med oss – i sanning og kjærleik.#1 Tim 1,2
Sanning og kjærleik
4Eg vart inderleg glad då eg såg at nokre av borna dine lever i sanninga, så som Faderen har gjeve oss påbod om. #3 Joh 3f 5Og det eg no legg deg på hjarta, frue, er ikkje eit nytt bod som eg kjem med. Det er det bodet vi har hatt frå fyrste stund: Vi skal elska kvarandre. #1 Joh 2,7+ 6Og dette er kjærleiken: at vi lever etter hans bod. Dette bodet har de høyrt frå fyrste stund, og det skal de halda.#1 Joh 5,3+
Falske lærarar
7For det har gått mange forførarar ut i verda, slike som ikkje sannar at Jesus Kristus er komen i kjøt og blod. Det er forføraren, det er Antikrist! #1 Joh 2,18f+; 4,1 8Ta dykk i vare, så de ikkje misser det de har vunne med arbeidet dykkar, men får full løn.
9Den som ikkje held seg til Kristi lære, men går ut over den, har ikkje samfunn med Gud. Den som held fast ved læra, han har samfunn med Faderen og Sonen. #1 Joh 2,23; 4,15 10Kjem det nokon til dykk som ikkje fører denne læra, skal de ikkje ta han inn i huset og ikkje helsa han vel møtt! #Matt 10,13f; Apg 19,9; Rom 16,17+ 11For den som helsar han, vert medskuldig i alt det vonde han gjer.
Sluttord
12Eg har enno mykje meir å seia dykk, men vil ikkje gjera det i brev. For eg vonar at eg skal få koma til dykk og samtala med dykk, så gleda vår kan vera fullkomen.#3 Joh 13f
13Borna åt den utvalde syster di helsar deg.#0,13 syster syster-kyrkjelyden på den staden der brevet vart skrive.

Currently Selected:

2. Johannes 1: N78NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy