YouVersion Logo
Search Icon

Filemon 1

1
Helsing
1 # Ef 3,1+; 1 Tim 1,2+ # 1 fange Paulus skriv brevet medan han er i fengsel. Jf. v. 9, 13, 23. Timoteus ein av =Paulus' medarbeidarar. Filemon slaveeigar og vertskap for forsamlinga. Elles ukjend. Paulus, Kristi Jesu fange, og Timoteus, bror vår, helsar Filemon, vår kjære ven og medarbeidar, 2#Rom 16,5; 1 Kor 16,19; Kol 4,15#2 Appia kanskje kona til Filemon. Arkippos truleg den same som i Kol 4,17, ein mann som hadde oppgåver i forsamlinga i Kolossai. Han kan ha vore ein nær familiemedlem, kanskje son eller bror til Filemon. og Appia, syster vår, og Arkippos, stridskameraten vår, og forsamlinga som kjem saman i huset ditt: 3#Rom 1,7 Nåde vere med dykk og fred frå Gud, vår Far, og Herren Jesus Kristus!
Filemons tru og kjærleik
4 # Kol 1,3f; 1 Tess 1,2+ Eg takkar alltid min Gud når eg hugsar på deg i bønene mine. 5For eg høyrer om kjærleiken din til alle dei heilage og om trua di på Herren Jesus. 6#Kol 1,9 Eg bed om at den trua som du har felles med oss, må vera verksam, så du kan skjøna alt det gode vi har i Kristus. 7#2 Kor 7,4 Kjærleiken din har vore ei stor glede og ei trøyst for meg, kjære bror, og dei heilage har kjent seg styrkte takka vere deg.
Filemon og Onesimos
8I Kristus kunne eg nok med full rett påleggja deg å gjera di plikt. 9Men for kjærleiken skuld kjem eg heller med ei bøn. Her er eg, den aldrande Paulus, no òg som Kristi Jesu fange, 10#10 Onesimos Slaven Onesimos har rømt frå Filemon, herren sin, og Paulus sender han tilbake etter å ha hjelpt han fram til kristen tru. og eg bed deg for barnet mitt som eg har fått her eg sit i lenkjer: Onesimos. 11#11 nyttig Onesimos tyder «nyttig». Jf. v. 20. Ein gong var han unyttig for deg, men no er han nyttig for både meg og deg. 12#12 sender han tilbake Etter ordningane i antikken hadde Paulus plikt til å senda slaven tilbake til eigaren. I Kol 4,9 blir Onesimos omtala som «ein av dykkar eigne», dvs. at han kjem frå Kolossai. Når eg no sender han tilbake til deg, er det som om eg sender mitt eige hjarte. 13#Fil 2,30 Eg hadde gjerne hatt han hos meg, så han i din stad kunne tena meg når eg no er i lenkjer for evangeliet. 14#2 Kor 9,7 Men utan ditt samtykke ville eg ikkje gjera nokon ting, så du ikkje skal gjera det gode av tvang, men av fri vilje. 15Kan henda vart han teken frå deg for ei stund så du skal få han att for alltid, 16#1 Tim 6,2 ikkje lenger som slave, men som noko mykje høgare enn ein slave, som ein kjær bror. Det er han sanneleg for meg. Kor mykje meir må han då ikkje vera det for deg, både som menneske og i Herren.
17Så sant du held meg for ein du har fellesskap med, så ta imot han som meg sjølv. 18Har han gjort deg urett, eller skuldar han deg noko, så før det på mi rekning! 19#1 Kor 16,21; Gal 6,11; Kol 4,18; 2 Tess 3,17 Dette skriv eg, Paulus, med eiga hand: Eg skal betala. Eg vil ikkje nemna det du skuldar meg: deg sjølv. 20Ja, bror, lat meg ha nytte av deg i Herren! Gjer mitt hjarte roleg i Kristus!
21I tiltru til din lydnad skriv eg dette til deg; eg er sikker på at du vil gjera endå meir enn det eg bed deg om. 22#Hebr 13,19#22 gjesterommet «Gjestevenskap» var ei innarbeidd ordning i antikken og innebar visse plikter både for verten og gjesten. Ordninga var viktig for dei tidlege kristne, sjå t.d. Rom 12,13; 1 Kor 16,10; 2 Kor 11,8f. Og ein ting til: Gjer klart gjesterommet til meg! For eg håpar at eg skal bli gjeven til dykk som svar på bønene dykkar.
23 # 23 Epafras ein av medarbeidarane til Paulus. Jf. Kol 1,7; 4,12. Epafras, som er i fengsel saman med meg for Kristi Jesu skuld, helsar deg. 24#24 Markus Jf. Kol 4,10; 2 Tim 4,11; 1 Pet 5,13. Kanskje den same som Johannes med tilnamnet Markus i Apg 12,12.25; 13,5.13; 15,37.39. Aristarkos var med Paulus ved fleire høve. Jf. Apg 19,29; 20,4; 27,2; Kol 4,10. Demas og Lukas heidningkristne medarbeidarar. Demas var truleg frå Tessalonika. Legen Lukas var etter tradisjonen forfattar av Luk og Apg. Jf. Kol 4,14; 2 Tim 4,10f. Det gjer òg Markus, Aristarkos, Demas og Lukas, medarbeidarane mine.
25 # Gal 6,18+ Vår Herre Jesu Kristi nåde vere med dykkar ånd!

Currently Selected:

Filemon 1: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy