4. Mosebok 15:32-36

4. Mosebok 15:32-36 N11NN

Medan israelittane var i ørkenen, kom dei over ein mann som sanka ved på sabbatsdagen. Dei som fann han medan han sanka ved, førte han fram for Moses og Aron og heile forsamlinga. Han vart sett i varetekt, for det var ikkje klårt kva som skulle gjerast med han. Då sa HERREN til Moses: «Mannen må døy. Heile forsamlinga skal steina han utanfor leiren.» Så førte heile forsamlinga han utanfor leiren og steina han til han døydde, slik HERREN hadde pålagt Moses.
N11NN: Bibelen 2011 nynorsk
Share

Free Reading Plans and Devotionals related to 4. Mosebok 15:32-36