YouVersion Logo
Search Icon

Nahum 1

1
1Bodskap om Ninive. Boka med syna til Nahum frå Elkosj.
Herrens makt og miskunn
2 # 2 Mos 20,5; 34,14; Sal 94,1 Herren er ein nidkjær Gud som tek hemn.
Herren tek hemn og er full av harme.
Herren tek hemn over motstandarane,
han held fast på vreiden mot fiendane.
3 # 2 Mos 19,16; 34,7; Job 38,1; Sal 18,10; Jes 29,6; Jer 23,19 Herren er sein til vreide,
makta hans er stor.
Herren lèt ikkje vera å straffa.
Hans veg går gjennom kvervelvind og storm,
skyer er støvet under føtene hans.
4 # 2 Mos 14,21; Jes 35,2; Luk 8,24 Han trugar havet og legg det tørt,
alle elvar tørkar han ut.
No visnar Basan og Karmel,
Libanons blomeprakt visnar bort.
5 # Sal 97,4f; Jer 4,24 Fjella skjelv for han,
høgdene smeltar.
Jorda vik bort for hans andlet,
verda og alle som bur der.
6 # 5 Mos 32,22 Kven kan stå seg for harmen hans,
kven held ut den brennande vreiden?
Raseriet hans strøymer fram som eld.
Framfor han blir knausane knuste.
7 # Sal 9,10; 2 Tim 2,19 Herren er god,
eit vern på trengselsdagen.
Han tek seg av dei
som søkjer tilflukt hos han.
8 # 1,8 ho byen Ninive. Men med ei veldig flodbølgje
knuser han staden der ho låg.
Han jagar fiendane sine inn i mørkret.
9Kvifor legg de planar mot Herren?
Han skal knusa dykk heilt.
Nauda skal ikkje koma ein gong til.
10Lik tornekratt som er fletta saman,
lik drankarar som er drukne,
blir dei fortærte
som knusktørr halm.
Ninive og Juda
11 # 1,11 deg Ninive. Frå deg gjekk det ut
ein som tenkte ut vondt mot Herren,
ein vondsinna rådgjevar.
12Så seier Herren:
Om dei er aldri så sterke og mange,
skal dei likevel hoggast ned og bli borte.
Om eg har plaga deg, Juda,
skal eg ikkje plaga deg lenger.
13 # Jes 9,4; Jer 30,8 For no bryt eg åket og tek det av deg,
lenkjene dine riv eg av.
14 # 1,14 deg Ninive. Men om deg har Herren gjeve bod
at inga etterslekt skal bera namnet ditt.
Eg vil rydda ut or gudshuset ditt
både utskorne og støypte gudebilete.
Eg gjer i stand ei grav til deg,
for du er verdlaus.

Currently Selected:

Nahum 1: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy