Matteus 21:18-20

Matteus 21:18-20 N11NN

Då Jesus tidleg om morgonen var på veg tilbake til byen, vart han svolten. Han fekk sjå eit fikentre ved sida av vegen og gjekk bort til det, men fann ikkje anna enn lauv. Då sa han til treet: «Aldri meir skal du bera frukt.» Og straks visna fikentreet. Læresveinane undra seg då dei såg det, og sa: «Korleis hadde det seg at fikentreet visna så brått?»
N11NN: Bibelen 2011 nynorsk
Share