YouVersion Logo
Search Icon

3. Mosebok 1

1
Brennofferet
1 # 1,1 teltheilagdomen =Guds bustad. Herren ropa på Moses og tala til han frå teltheilagdomen: 2#1,2 offer =offer og soning. Tal til israelittane og sei til dei: Når nokon hos dykk ber fram eit offer for Herren, skal de ta det frå buskapen, anten av storfeet eller av småfeet.
3 # 6,2f # 1,3 brennoffer =offer og soning. Dersom det er eit brennoffer av storfeet, skal han bera fram eit hanndyr utan feil. Han skal ofra det framfor inngangen til teltheilagdomen, så han kan vinna velvilje for Herrens andlet. 4Han skal leggja handa på hovudet til brennofferet, så det kan takast imot med velvilje og gjera soning for han. 5Så skal han slakta oksen for Herrens andlet, og Arons søner, prestane, skal bera fram blodet og stenka det rundt om på altaret ved inngangen til teltheilagdomen. 6Sidan skal han flå brennofferet og dela det opp i stykke. 7Arons søner, prestane, skal tenna opp eld på altaret og leggja ved på elden. 8Dei skal leggja ut kjøtstykka, hovudet og feittet på veden som er lagd på altarelden. 9#1,9 gåveoffer =offer og soning. Innvolane og skankane skal vaskast i vatn, og så skal presten la alt gå opp i røyk på altaret som eit brennoffer, eit gåveoffer til godange for Herren.
10Dersom det er eit brennoffer av småfeet, av sauene eller geitene, skal han ofra eit hanndyr utan feil. 11Så skal han slakta det for Herrens andlet på nordsida av altaret, og Arons søner, prestane, skal stenka blodet rundt om på altaret. 12Sidan skal han dela det opp i stykke, også hovudet og feittet, og presten skal leggja alt på veden som er lagd på altarelden. 13Innvolane og skankane skal vaskast i vatn. Så skal presten bera alt saman fram og la det gå opp i røyk på altaret som eit brennoffer, eit gåveoffer til godange for Herren.
14 # 5,7f Dersom brennofferet for Herren er ein fugl, skal han bera fram eit offer av turtelduene eller dueungane. 15Presten skal bera fuglen fram til altaret, vri av hovudet og la det gå opp i røyk på altaret. Blodet skal pressast ut mot altarveggen. 16#1,16 kråsen med det som er i han kan òg omsetjast «kråsen og fjørene». Han skal ta ut kråsen med det som er i han, og kasta han på austsida av altaret, der den feite offeroska ligg. 17Så skal han kløyva fuglen ved vengene utan å dela han heilt. Presten skal la han gå opp i røyk på altaret, på veden over elden, som eit brennoffer, eit gåveoffer til godange for Herren.

Currently Selected:

3. Mosebok 1: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy