Høgsongen 8
N11NN

Høgsongen 8

8
1Var du som ein bror for meg,
ein som mor mi hadde amma,
då ville eg ha kyst deg
når vi møttest ute,
og ingen hadde forakta meg.
2 # 3,4 Så leidde eg deg til huset åt mor mi,
ho som hadde fostra meg.
Eg skulle skjenkt deg krydra vin
og saft av granatepla mine.
3 # 2,6 Venstre armen hans er under hovudet mitt,
med den høgre held han rundt meg.
4 # 2,7+ Eg bed dykk, de Jerusalems døtrer!
Kvifor uroar de kjærleiken,
kvifor vekkjer de han før han sjølv vil?
Koret
5 # 3,6+ Kven er ho som stig opp frå ørkenen,
stødd til kjærasten?
Ho
Under apalen vekte eg deg,
der mor di hadde rier,
der ho fødde deg.
6 # Ordt 3,3 Set meg som eit segl på hjartet ditt,
eit stempel på armen din!
For kjærleiken er sterk som døden,
lidenskapen ubøyeleg som dødsriket.
Han brenn som logande eld,
ein Herrens loge.
7 # Jes 43,2 Veldige vatn sløkkjer ikkje kjærleiken,
elvar skyl han ikkje bort.
Om nokon gjev alt han eig
for å kjøpa kjærleik,
blir han berre til lått.
Koret
8 # 8,8 Kva skal vi gjera Brørne var formyndarar for jenta når far hennar var død. Vi har ei lita syster
som ikkje har bryst.
Kva skal vi gjera med syster vår
den dagen ho blir lova bort?
9Er ho ein mur, vil vi byggja
tindar av sølv på han.
Er ho ei dør, vil vi sperra henne
med ein sederplanke.
Ho
10Eg var ein mur,
og brysta mine som tårn;
framfor hans auge har eg vorte
lik ei som finn fred.
11 # 8,11 Baal-Hamon ukjend stad. Salomo hadde ei vinmark i Baal-Hamon.
Han gav vinmarka bort til paktarane,
kvar av dei skulle gje han
tusen sølvpengar for frukta.
12 # 8,12 Mi vinmark >1,6. Mi vinmark er berre mi, den rår eg over sjølv.
Dei tusen er dine, Salomo,
to hundre er til dei som vaktar frukta.
Han
13Du jente som held til i hagane,
venene lyder på di røyst.
Lat meg få høyra henne!
Ho
14 # 2,17 Fly, kjærasten min,
ver som ein gasell, som ein ung hjort
over fjell med angande urter!

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Learn More About Bibelen 2011 nynorsk