YouVersion Logo
Search Icon

Høgsongen 1

1
1Songen over songane, av Salomo.
Ho
2 # 1,2 Ho Hovudsakleg på grunnlag av kjønnet til dei hebr. pronomena har ein markert den mannlege og kvinnelege talande med «han» og «ho». Når andre talar, står det «koret». Somme stader kan inndelinga og overskriftene diskuterast. Å, om han ville kyssa meg
med kyss av sin munn!
Kjærleiken din er betre enn vin.
3Angen av oljane dine er herleg,
namnet ditt blir aust ut som olje.
Difor likar jentene deg.
4Ta meg med! Lat oss springa!
Kongen har ført meg inn i sine rom.
Lat oss jubla og gleda oss over deg,
lat oss prisa din kjærleik høgare enn vin.
Med rette likar dei deg.
5 # Sal 120,5; Klag 4,8 # 1,5 Svart solbrend. Jf. v. 6. Svart er eg, men søt,
de Jerusalems døtrer,
svart som Kedars telt,
som Salomos teltdukar.
6 # 1,6 Mi eiga vinmark kanskje bilete på jenta sjølv. Jf. 2,15; Jes 5,1. Sjå ikkje på at eg er så svart,
at sola har brent meg.
Sønene til mor mi var harde mot meg,
dei sette meg til å vakta vinmarkene.
Mi eiga vinmark har eg ikkje vakta.
7Sei meg, du som eg elskar, kvar gjeter du?
Kvar kviler du ved middagstid?
Kvifor skulle eg gå som ei kvinne med slør
der venene dine gjeter sauene?
Han
8Om du ikkje veit det,
du vakraste av kvinner,
følg spora etter flokken
og gjet kjea dine
innmed gjetarhyttene!
9Eg vil likna deg med ei hoppe
mellom faraos vogner, mi kjære.
10Fine er kinna dine mellom perlesnorene,
halsen din med kjede rundt.
11Snorer av gull skal vi laga deg,
med sølvperler på.
Ho
12 # 1,12 nardussalven kostesam salve, laga av rota på nardusplanta, som veks i Søraust-Asia. Jf. Mark 14,3. Når kongen er hos meg,
angar nardussalven min.
13 # 1,13 myrrakvist kvister av myrrabusken, som har ei aromatisk saft, nytta i salve og parfyme. Jf. 2 Mos 30,23. Kjærasten min er ein myrrakvist,
han overnattar mellom brysta mine.
14 # 1,14 hennablomar blomar frå hennabusken, som veks på varme stader, t.d. i Jeriko og i En-Gedi ved Daudehavet. Dei velluktande blomeklasane gjorde at folk lika busken godt. Kjærasten min er ein klase hennablomar
på En-Gedis vinmarker.
Han
15 # 2,14; 4,1; 5,12 Så vakker du er, mi kjære!
Så vakker du er! Auga dine er duer!
Ho
16Så vakker du er, kjærasten min, så god,
og vårt leie så grønt!
17Sedrar er bjelkar i vårt hus,
sypressar er tak og himling.

Currently Selected:

Høgsongen 1: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy