YouVersion Logo
Search Icon

Romarane 9

9
Guds veg med Israel
(Kap. 9–11)
Guds gåver til Israel
1Eg talar sanning i Kristus; eg lyg ikkje! Samvitet mitt stadfester det i Den heilage ande. 2Eg ber på ei stor sorg og ei stadig liding i hjartet. 3#2 Mos 32,32; Rom 10,1f#9,3 forbanna Paulus bruker her ein svært sterk uttrykksmåte. Tilsvarande forbanningsutsegner finst i andre jødiske, kristne og gresk-romerske tekstar og blir brukte om personar eller ting som er under Guds forbanning eller vreide. Jf. òg Rom 1,18ff; 1 Kor 12,3; 16,22; Gal 1,8. For eg skulle ønskja at eg sjølv var forbanna og skild frå Kristus, berre det kunne hjelpa mine sysken som er av same folket som eg. 4#2 Mos 4,22; 5 Mos 7,6; Apg 2,39+; Rom 3,2 Dei er israelittar; dei har retten til å vera Guds born, og herlegdomen, paktene, lova, tempeltenesta og lovnadene er deira. 5#Matt 1; Joh 1,1; Kol 2,9#9,5 han som er Gud over alt kan òg omsetjast «Gud, som er over alle ting». Dei har fedrane, og frå dei stammar òg Kristus, han som er Gud over alt, velsigna i all æve. Amen.
Gud vel ut folket sitt
6 # 4 Mos 23,19; Rom 2,28 Det er ikkje slik at Guds ord har slege feil. For ikkje alle som er av Israels ætt, høyrer Israel til, 7#1 Mos 21,12; Joh 8,37ff; Gal 4,22ff og ikkje alle som nedstammar frå Abraham, er Abrahams born. For det står: Gjennom Isak skal du få ei ætt som skal kallast di. 8Det vil seia: Det er ikkje dei som er borna hans av kjøt og blod, som er Guds born. Nei, dei som er born ut frå lovnaden, reknar han som Abrahams ætt. 9#1 Mos 18,10 For dette er eit lovnadsord: Eg kjem tilbake til deg når tida er inne, og då skal Sara ha ein son. 10#1 Mos 25,21 Og ikkje berre det – også Rebekka fekk to søner med éin mann, Isak, stamfaren vår. 11–12#1 Mos 25,23 Før dei var fødde, då dei verken hadde gjort godt eller vondt, sa Gud til henne: Den eldste skal tena den yngste. Guds plan og utveljing skulle stå fast og er ikkje avhengig av menneskegjerningar, men berre av han som kallar. 13#Mal 1,2f For det står skrive: Jakob elska eg, men Esau hadde eg uvilje mot.
14 # 5 Mos 32,4; Rom 3,5 Kva skal vi seia til dette? Er Gud urettferdig? Langt ifrå! 15#2 Mos 33,19 For til Moses seier han: Eg vil miskunna meg over den eg vil, og ynkast over den eg vil. 16Så står det ikkje til den som vil, og ikkje til den som strevar, men til Gud som miskunnar seg. 17#2 Mos 9,16 For Skrifta seier til farao: Når eg lét deg stiga fram, var det fordi eg ville visa mi makt på deg, og for at namnet mitt skal bli forkynt over heile jorda. 18Det viser at han gjer miskunn mot den han vil, og forherdar den han vil.
19No vil du vel seia: «Kva har han då å klaga oss for? Kven kan stå imot hans vilje?» 20#Jes 29,16; 45,9 Men kven er du, menneske, som tek til motmæle mot Gud? Kan verket seia til handverkaren: «Kvifor laga du meg slik?» 21#Jer 18,6 Eller har ikkje pottemakaren makt over leira, så han av same leirklumpen kan laga ei krukke til fint bruk og ei anna til simplare bruk? 22#2,4 Og endå Gud ville visa sin vreide og kunngjera si makt, har han med stort tolmod bore over med dei krukkene som var under vreiden og laga for å gå til grunne. 23Han gjorde det for å kunngjera kor rik hans herlegdom er for dei som han ville visa miskunn, dei som han på førehand hadde gjort ferdige til herlegdom. 24Oss òg har han kalla til å vera slike krukker, ikkje berre mellom jødane, men mellom heidningane òg. 25#Hos 2,23; 1 Pet 2,10 Som han seier hos Hosea:
Dei som ikkje var mitt folk,
vil eg kalla mitt folk,
og henne som eg ikkje elska,
vil eg kalla den som eg elskar.
26 # Hos 1,10 Der det før vart sagt til dei:
«De er ikkje mitt folk»,
der skal dei kallast
borna til den levande Gud.
27 # Jes 10,22f Og Jesaja ropar ut over Israel:
Om Israelsborna var så talrike som havsens sand,
skal berre ein rest bli frelst.
28 For i hast skal Herren sluttføra sin rekneskap på jorda.
29 # 1 Mos 19,24f; Jes 1,9 # 9,29 Herren over hærskarane namn som gjev uttrykk for Guds makt og majestet. =Guds namn. Og som Jesaja før har sagt:
Hadde ikkje Herren over hærskarane
late nokon av vår ætt leva,
då var vi som Sodoma,
då likna vi Gomorra.
Israel og evangeliet
30 # 10,20 Kva skal vi då seia? Jau, heidningane som ikkje jaga etter å få rettferd, dei har vunne rettferd, det vil seia: rettferda av tru. 31#10,3; 11,7 Men Israel, som jaga etter lova for å vinna rettferd, dei nådde ikkje fram. 32#Matt 21,42.44 Kvifor ikkje? Fordi dei heldt seg til gjerningar og ikkje til tru. Dei støytte seg på støytesteinen, 33#Jes 8,14; 28,16; Luk 2,34+; Rom 10,11 som det står skrive:
Sjå, på Sion legg eg ein støytestein
og eit berg til fall.
Men den som trur på han,
skal ikkje bli til skamme.

Currently Selected:

Romarane 9: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy