Salmane 99
N11NN

Salmane 99

99
1 # 18,11+; 93,1+ Herren er konge, folka skjelv,
han tronar over kjerubane, jorda bivrar.
2 # 48,2 Stor er Herren på Sion,
han er opphøgd over alle folk.
3 # 47,3+ Dei skal prisa ditt namn, det er stort og vekkjer frykt.
Heilag er han.
4 # Jes 9,7 Mektig er kongen, han elskar det rette.
Det er du som grunnfester rettvise,
du gjer rett og rettferd i Jakob.
5 # 1 Krøn 28,2; Sal 132,7 Opphøg Herren vår Gud,
bøy dykk ned for hans fotskammel!
Heilag er han.
6 # 2 Mos 28,1ff; 1 Sam 7,9 Moses og Aron var blant hans prestar,
Samuel blant dei som kalla på hans namn.
Dei ropa til Herren, og han svara dei,
7 # 2 Mos 33,9ff i skysøyla tala han til dei.
Dei heldt hans bod og lova han gav.
8 # 2 Mos 34,6f Herre, vår Gud, du svara dei.
Du var ein Gud som tilgav dei,
men som òg hemna deira gjerningar.
9Opphøg Herren vår Gud,
bøy dykk mot hans heilage fjell.
Heilag er Herren vår Gud.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).


Learn More About Bibelen 2011 nynorsk