Salmane 77
N11NN

Salmane 77

77
1 # 77,1 Jedutun >39,1. Til korleiaren. Etter Jedutun. Av Asaf. Ein salme.
2 # 2 Mos 3,7; 4 Mos 20,16; Sal 34,18 Eg ropar til Gud, eg skrik.
Eg ropar til Gud, og han høyrer meg.
3 # 50,15+; Jes 26,16 # 77,3 retter … ut Det var vanleg å be med opplyfte hender. Jf. 143,6. Den dagen eg er i naud, søkjer eg Herren.
Om natta retter eg handa ut,
ho trøytnar ikkje.
Mi sjel lèt seg ikkje trøysta.
4Eg tenkjer på Gud og sukkar,
eg grublar, og mi ånd veiknar. Sela
5Du held auga mine opne,
eg er uroleg, eg kan ikkje tala.
6 # 143,5 Eg tenkjer på gamle dagar,
minnest framfarne år.
7Om natta tenkjer eg på dette,
hjartet grublar, ånda granskar.
8 # 44,10+; 79,5; 85,6; 89,47 Vil Herren støyta oss bort for alltid
og ikkje lenger vera god mot oss?
9 # Klag 3,22 Er hans miskunn slutt for evig,
er ordet hans borte for alle slekter?
10Har Gud gløymt å vera nådig,
har han late att hjartet i vreide? Sela
11Eg seier: «Dette plagar meg:
høgre handa til Den høgste
er ikkje lenger den same.»
12Eg minnest Herrens verk,
minnest dine under frå gammal tid.
13Eg grundar på alt du gjorde,
og grublar over dine storverk.
14 # 71,19+; 86,10 Gud, i heilagdom går du fram.
Kven er ein gud så stor som vår Gud?
15Du er den Gud som gjer under,
mellom folka lèt du di makt bli kjend.
16 # 2 Mos 6,6 Med sterk arm løyste du folket ditt ut,
sønene til Jakob og Josef. Sela
17 # 66,6+; 74,13+ Vatnet såg deg, Gud,
vatnet såg deg og skalv,
det store djupet bivra.
18Skyene auste ut vatn,
det torna frå tunge skyer,
pilene dine lynte att og fram.
19Di torerøyst rulla i stormen,
lyna lyste opp verda.
Jorda riste og skalv.
20 # 2 Mos 14,22 Din veg gjekk gjennom sjøen,
din stig gjennom veldige vatn.
Ingen kjende dine fotspor.
21 # 78,52; Jes 63,11ff Ved handa til Moses og Aron
førte du folket ditt som ein flokk med sauer.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Learn More About Bibelen 2011 nynorsk