Salmane 20
N11NN
20
1Til korleiaren. Ein salme av David.
2Måtte Herren svara deg den dagen du er i naud!
Måtte namnet til Jakobs Gud verna deg.
3Måtte han senda hjelp frå heilagdomen
og gje deg støtte frå Sion.
4Måtte han minnast alle dine gåver
og ta imot ditt brennoffer. Sela
5 # 21,3 Måtte han gje deg det hjartet ditt ønskjer,
og oppfylla alle dine planar,
6så vi kan jubla over di frelse
og lyfta banneret i vår Guds namn.
Måtte Herren oppfylla alle dine bøner!
7 # 18,51+ # 20,7 den han har salva kongen i Israel. Jf. 2,2. No veit eg at Herren bergar den han har salva.
Han svarar han frå sin heilage himmel,
gjer storverk og frelser med si høgre hand.
8 # 1 Sam 17,45; 2 Krøn 32,8; Sal 33,17f; 44,7f Somme lit på vogner og somme på hestar,
vi lit på namnet til Herren vår Gud.
9Dei sig i kne og fell,
men vi reiser oss og held oss rake.
10 # 118,25 # 20,10 Verset kan òg omsetjast «Herre, gjev kongen frelse! Svar oss den dagen vi ropar!». Herre, frels!
Måtte kongen svara oss den dagen vi ropar.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Learn More About Bibelen 2011 nynorsk