YouVersion Logo
Search Icon

Salmane 112

112
1 # 1,1+ # 112,1 Sal 112 er ein alfabetsalme. >25,1. Halleluja!
Alef
א
Sæl er den som fryktar Herren
Bet
ב
og har glede i hans bod.
Gimel
ג
2 # Ordt 20,7 Hans ætt blir mektig i landet,
Dalet
ד
den rettskafne slekta blir velsigna.
He
ה
3Det er velstand og rikdom i hans hus,
Waw
ו
hans rettferd skal alltid vara.
Zajin
ז
4 # 97,11 Lys bryt fram i mørkret for dei rettvise,
Het
ח
for den som er nådig, mild og rettferdig.
Tet
ט
5 # 37,26+ Det går vel med den som villig gjev lån,
Jod
י
den som steller sine saker rett.
Kaf
כ
6 # Ordt 10,30 Han skal aldri i æve vakla,
Lamed
ל
den rettferdige blir alltid hugsa.
Mem
מ
7Han er ikkje redd for vonde rykte,
Nun
נ
hans hjarte er roleg og trygt i Herren.
Samek
ס
8 # 91,8+ Hans hjarte er grunnfest, utan frykt.
Ajin
ע
Til slutt får han sjå at fienden fell.
Pe
פ
9 # Ordt 11,24; 2 Kor 9,9 Han strør ut, han gjev til dei fattige,
Tsade
צ
hans rettferd skal alltid vara,
Qof
ק
stor og herleg blir hans makt.
Resj
ר
10 # Job 8,13; Sal 35,16; Ordt 10,28 Den urettferdige ser det og blir sint,
Sjin
ש
skjer tenner og veiknar bort.
Taw
ת
Det dei urettferdige trår etter, blir til inkjes.

Currently Selected:

Salmane 112: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy