YouVersion Logo
Search Icon

Salmane 103

103
1 # 104,1.35; 146,1 Av David.
Velsign Herren, mi sjel!
Alt som i meg er,
velsign hans heilage namn.
2 # 5 Mos 4,9 Velsign Herren, mi sjel!
Gløym ikkje alt det gode han gjer.
3Han tilgjev all di skuld
og lækjer alle dine sjukdomar.
4 # 48,15+ Han friar ditt liv frå grava
og kronar deg med miskunn og kjærleik.
5 # Job 33,25; Jes 40,31 Han mettar ditt liv med det gode,
du blir ung att som ørna.
6 # 10,14+.18 Herren skaper rettferd,
han lèt alle undertrykte få sin rett.
7 # 103,7 sine vegar det Gud ville gjera. Jf. 2 Mos 33,13. Han kunngjorde sine vegar for Moses,
sine gjerningar for Israels folk.
8 # 2 Mos 34,6f+ Mild og nådig er Herren,
sein til vreide og rik på miskunn.
9 # Jes 57,16; Mi 7,18 Han kjem ikkje med klagemål for alltid
og er ikkje for evig harm.
10 # Esek 20,44 Han gjer ikkje gjengjeld for våre synder,
han løner oss ikkje etter vår skuld.
11 # 36,6+ Så høg som himmelen er over jorda,
så veldig er hans miskunn over dei som fryktar han.
12Så langt som aust er frå vest,
tek han syndene våre bort frå oss.
13Som ein far er mild med sine born,
er Herren mild med dei som fryktar han.
14 # 1 Mos 2,7; Sal 90,3 For han veit korleis vi er skapte,
han kjem i hug at vi er støv.
15 # Job 14,2; Jes 40,6ff Dagane mennesket får, er som gras,
det blømer som blomen på marka.
16 # Job 7,10 Når vinden fer over han, er han borte,
staden han stod på, veit ikkje lenger av han.
17 # 5 Mos 7,9.11; Klag 3,22; Luk 1,50 Men Herrens miskunn er frå æve til æve
over dei som fryktar han.
Hans rettferd når til barneborn,
18 # 25,10 til dei som held hans pakt
og kjem i hug hans bod,
så dei følgjer dei.
19 # 9,8+ Herren har reist si trone i himmelen,
han rår som konge over alt.
20 # 29,1f+ Velsign Herren, de hans englar,
de sterke heltar som lydige set hans ord i verk.
21Velsign Herren, alle hans hærar,
de tenarar som set hans vilje i verk.
22Velsign Herren, alle hans skapningar,
overalt der han rår.
Velsign Herren, mi sjel!

Currently Selected:

Salmane 103: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy