YouVersion Logo
Search Icon

4. Mosebok 24

24
1 # 23,3.15 Bileam såg at det var godt i Herrens auge at Israel vart velsigna. Difor gjekk han ikkje bort og søkte varsel denne gongen, slik han hadde gjort dei andre gongene. I staden vende han andletet mot ørkenen. 2Bileam lyfte auga og såg Israel som låg i leir, stamme for stamme. Då kom Guds ande over han, 3og han bar fram sin visdomstale:
Ord frå Bileam, son til Beor,
ord frå mannen med det klåre auget,
4ord frå ein som høyrer Guds tale
og ser syn frå Den veldige,
som sig saman, men med opna auge:
5Kor vakre dine telt er, Jakob,
dine bustader, Israel,
6 # 24,6 aloetre treslag som veks i Søraust-Asia. Veden angar godt og blir brukt til røykjelse. Jf. Sal 45,9. som vide dalar,
som hagar langs ei elv,
lik aloetre planta av Herren,
lik sedrar langsmed vatnet.
7 # Jes 58,11 # 24,7 Agag konge over amalekittane. Jf. 1 Sam 15,8ff. Dogga dryp frå greinene,
frøet får rikeleg med væte.
Større enn Agag skal kongen deira vera,
hans kongevelde skal lyftast høgt.
8 # 23,22; 5 Mos 33,17 Gud, som førte han ut av Egypt,
har styrke som ein villokse.
Han sluker fiendefolk,
knuser knoklane deira
og sårar med pilene sine.
9 # 1 Mos 12,3; 27,29; 49,9; 4 Mos 23,24 Han har lagt seg til ro, han kviler som løva,
som løvinna – kven vekkjer dei?
Velsigna er den som velsignar deg,
forbanna den som forbannar deg.
10Då flamma Balaks vreide opp mot Bileam. Han slo hendene saman og sa til han: «Eg kalla deg hit for at du skulle forbanna fiendane mine, og sjå, no har du velsigna dei rikt tre gonger! 11Kom deg no heim att! Eg sa eg skulle visa deg stor ære. Men sjå, den æra har Herren nekta deg.» 12Bileam svara Balak: «Eg sa då alt til dei mennene du sende: 13#22,18.38 Om Balak gav meg alt sølv og gull han har i huset, kunne eg ikkje gå imot det Herren seier og gjera noko etter mitt eige hjarte, anten godt eller vondt. Det Herren har sagt, må eg seia. 14Sjå, no dreg eg heim att til mitt eige folk. Men først vil eg varsla deg kva dette folket kjem til å gjera mot folket ditt i dagar som kjem.» 15Så bar han fram sin visdomstale:
Ord frå Bileam, son til Beor,
ord frå mannen med det klåre auget,
16ord frå han som høyrer Guds utsegn,
som får kjenna kunnskapen frå Den høgste
og sjå syn frå Den veldige,
som sig saman, men med opna auge:
17 # 2 Sam 8,2; Sal 110,5f; Matt 2,2 Eg ser han, men ikkje no,
eg skodar han, men ikkje nær.
Ei stjerne stig opp or Jakob,
ein kongsstav lyfter seg frå Israel.
Han skal knusa Moabs tinningar
og skallen på alle søner av Set.
18 # 2 Sam 8,14; Am 9,11f; Ob 18ff Edom skal bli hærteke,
Se'ir blir teke i eige av fienden.
Israel skal visa si makt.
19 # 24,19 Ein herskar … ryddar ut uklår tekst. Kan òg omsetjast «Ein frå Jakob skal undertrykkja og utrydda». Ein herskar dreg ut frå Jakob,
han ryddar ut dei overlevande frå byen.
20 # 2 Mos 17,14; 5 Mos 25,19 Så fekk Bileam sjå amalekittane. Då bar han fram sin visdomstale:
Det fremste av folkeslag er Amalek,
men til sist skal han gå under.
21 # 24,21 reir hebr. ken, fører tanken til namnet til kenittane. Då han såg kenittane, bar fram sin visdomstale:
Varig er bustaden din,
ditt reir er lagt på berget.
22Likevel skal Kain tærast opp av eld.
Kor lenge er det før Assur fører deg i fangenskap?
23Han bar fram sin visdomstale:
Ve! Kven slepp frå det med livet
om ikkje Gud har vilja det så?
24Frå Kittim kjem det skip.
Dei legg under seg Assur,
dei legg under seg Eber,
men han òg skal gå under.
25Så stod Bileam opp og drog tilbake til heimstaden sin. Balak òg drog sin veg.

Currently Selected:

4. Mosebok 24: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy