YouVersion Logo
Search Icon

Markus 4

4
Jesus talar i likningar
(4,1–34)
Såmannen
(Matt 13,1–23; Luk 8,4–15)
1 # 3,9 Jesus tok igjen til å undervisa folket nede ved sjøen. Då samla det seg så mykje folk omkring han at han gjekk ut i ein båt og sat i den utpå sjøen, medan heile folkemengda stod inne på stranda. 2Han underviste dei om mange ting og la fram læra si i likningar. 3«Høyr!» sa han. «Ein såmann gjekk ut for å så. 4Og då han sådde, fall noko attmed vegen, og fuglane kom og åt det opp. 5Noko fall på steingrunn, der det var lite jord, og det skaut opp straks fordi det var så grunt. 6Men då sola steig, sveid det av og visna, for det hadde ikkje rot. 7Noko fall mellom klunger, og klungeren voks opp og kvelte det, så det ikkje gav grøde. 8Men noko fall i god jord. Det skaut opp, voks og gav grøde: tretti, seksti, ja, hundre gonger det som var sådd.» 9#Matt 11,15; 13,9.43; Mark 4,23; Luk 14,35; Op 2,7; 13,9 Og han sa: «Den som har øyre å høyra med, høyr!»
10Då han vart åleine med dei tolv og dei andre som var med han, spurde dei han om likningane. 11#Matt 11,25; Rom 16,25; 1 Kor 2,7; 4,1; Ef 1,9; 3,3f; Kol 1,26 Han svara: «Til dykk er løyndomen om Guds rike gjeven. Men til dei som er utanfor, blir alt gjeve i likningar, 12#Jes 6,9f; Joh 12,40; Apg 28,26f; Rom 11,8#4,12 for at … men ikkje skilja Teksten følgjer den aram. attgjevinga av Jes 6,9f. I Matt 13,14f er Jes 6,9f ordrett sitert etter den gr. GT-omsetjinga. =Septuaginta. for at dei skal
sjå og sjå, men ikkje skilja,
høyra og høyra, men ikkje forstå,
så dei ikkje vender om og får tilgjeving.»
13Og han sa til dei: «Når de ikkje skjønar denne likninga, korleis kan de då i det heile skjøna likningar? 14Såmannen sår ordet. 15Dei attmed vegen, det er dei som ordet blir sådd i, men når dei har høyrt det, kjem Satan straks og tek bort ordet som var sådd i dei. 16Like eins dei som var sådde på steingrunn. Det er dei som tek imot ordet med glede så snart dei får høyra det. 17Men dei har inga rot og held ut berre ei stund. Når dei møter motgang eller forfølging for ordet skuld, fell dei straks ifrå. 18Andre var sådde mellom klunger. Det er dei som høyrer ordet, 19#10,23 men uroa for dette livet og den svikefulle rikdomen og lysta på alle andre ting kjem inn og kveler ordet, så det ikkje gjev grøde. 20Men dei som var sådde i den gode jorda, det er dei som høyrer ordet og tek imot det og gjev grøde: tretti, seksti, ja, hundre gonger det som var sådd.»
Oljelampa
(Luk 8,16–18)
21 # Matt 5,15 Sidan sa han til dei: «Når dei kjem inn med ei oljelampe, set dei henne då under eit kar eller under senga? Set dei ikkje lampa på ein haldar? 22#Jer 1,8; Matt 10,26; Luk 8,17 For ingenting er løynt utan at det skal bli synleg, og ingenting er gøymt utan at det skal koma for dagen. 23#4,9+ Om nokon har øyre å høyra med, så høyr!»
24 # Matt 7,2 Og han sa til dei: «Akta vel på det de høyrer! I det same målet de sjølve måler med, skal det målast opp til dykk, og endå meir skal de få. 25#Matt 13,12; 25,29; Luk 8,18; 19,26 For den som har, skal få; men den som ikkje har, skal mista jamvel det han har.»
Såkornet
26Han sa: «Med Guds rike er det slik: Det er som når ein mann har sådd kornet i jorda. 27#Jak 5,7 Han søv og står opp, det blir natt og det blir dag, og kornet gror og veks; han veit ikkje korleis det går til. 28Av seg sjølv ber jorda grøde, først strå, så aks, så fulle korn i akset. 29#Joel 3,18; Op 14,15#4,29 hausten bilete på den siste dommen når tida er til ende. Jf. Matt 13,39. Så snart grøda er mogen, svingar han sigden, for hausten er komen.»
Sennepsfrøet
(Matt 13,31–32; Luk 13,18–19)
30Og han sa: «Kva skal vi samanlikna Guds rike med? Kva likning skal vi bruka? 31#4,31–32 sennepsfrøet svært lite frø, opptil 760 frø på eitt gram, men treet kan bli over 2 m høgt. Det er som sennepsfrøet. Når det blir sådd, er det mindre enn noko anna frø på jorda. 32#Esek 17,23 Men når det er sådd, skyt det opp og blir større enn alle hagevokstrar og får så store greiner at fuglane under himmelen kan byggja reir i skuggen av det.»
33 # Matt 13,34 Med mange slike likningar tala han ordet til dei, så mykje dei var i stand til å høyra. 34Utan likningar tala han ikkje til folket. Men når han var åleine med læresveinane sine, forklara han alt for dei.
Jesus stiller stormen
(Matt 8,23–27; Luk 8,22–25)
35 # Matt 8,18 Då det leid til kvelds same dagen, sa han til dei: «Lat oss fara over til andre sida av sjøen.» 36Dei lét folkemengda bli att og tok han med seg i båten der han sat. Andre båtar følgde òg med. 37Då kom det ein hard kvervelstorm, og bølgjene slo inn i båten så han heldt på å gå full. 38Jesus låg i bakskuten og sov på ei pute. Dei vekte han og sa: «Meister, bryr du deg ikkje om at vi går under?» 39#Sal 65,8; 89,10; 107,29; Mark 6,51 Då reiste han seg, truga vinden og sa til sjøen: «Tei og ver still!» Då gav vinden seg, og det vart blikande stilt. 40Og han sa til dei: «Kvifor er de så redde? Trur de enno ikkje?» 41Men då vart dei endå reddare og sa seg imellom: «Kven er dette? Både vind og sjø lyder han!»

Currently Selected:

Markus 4: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy