YouVersion Logo
Search Icon

Markus 1

1
Døyparen Johannes står fram
(Matt 3,1–12; Luk 3,1–18; Joh 1,19–28)
1 # 1,1 Evangeliet etter Markus Nokre handskrifter har ein kortare ordlyd: «Etter Markus». =evangelium. evangeliet om Jesus kan òg omsetjast «evangeliet frå Jesus» eller «evangeliet som Jesus forkynte». Kristus Det gr. ordet for Messias, «frelsarkongen», blir her brukt som eit særnamn på Jesus. =Jesu titlar. Her byrjar evangeliet om Jesus Kristus, Guds Son.
2 # Mal 3,1; Matt 11,10 # 1,2 profeten Jesaja Sitatet frå Jes 40,3 inneheld òg element frå 2 Mos 23,20 og Mal 3,1. Hos profeten Jesaja står det skrive:
Sjå, eg sender min bodberar føre deg,
han skal rydda vegen for deg.
3 # Jes 40,3; Luk 7,27 Ei røyst ropar i øydemarka:
Rydd Herrens veg,
gjer stigane hans rette!
4 # Matt 3,2+; Apg 13,24; 19,4 # 1,4–8 døyparen Johannes verka i øydemarka omkring Jordanelva, der han forkynte omvending og døypte. Blir òg omtala i 1,9; 6,14–29; Matt 11,1–19; Luk 1,5–80; 3,1–20. =vanlege namn. Slik stod døyparen Johannes fram i øydemarka. Han forkynte ein omvendingsdåp som gav tilgjeving for syndene. 5Frå heile Judea og Jerusalem drog alle ut til han. Dei sanna syndene sine og vart døypte av han i Jordanelva. 6#2 Kong 1,8 Johannes gjekk i ei kappe av kamelhår og hadde eit lêrbelte om livet, og han levde av grashopper og villhonning. 7Han forkynte: «Det kjem ein etter meg som er sterkare enn eg, og eg er ikkje verdig til å bøya meg ned og løysa sandalreima hans. 8#Apg 1,5; 2,4 Eg har døypt dykk med vatn, men han skal døypa dykk med Den heilage ande.»
Jesu dåp og freisting
(Matt 3,13–4,11; Luk 3,21–22; 4,1–13; Joh 1,32–34)
9På den tida kom Jesus frå Nasaret i Galilea og vart døypt av Johannes i Jordan. 10#Jes 63,11; Esek 37,5f.14 Straks han steig opp av vatnet, såg han himmelen dela seg, og han såg Anden dala ned over seg som ei due. 11#1 Mos 22,2; Sal 2,7; Jes 42,1; Matt 3,17; 12,18; Mark 9,7; 2 Pet 1,17 Og det kom ei røyst frå himmelen: «Du er Son min, som eg elskar, i deg har eg mi glede.»
12Straks etter dreiv Anden han ut i øydemarka, 13#Sal 91,11ff#1,13 vart freista kan òg omsetjast «vart sett på prøve». Satan det hebr. ordet for =djevelen. englane =himmelske vesen. og der var han i førti dagar og vart freista av Satan. Han heldt til mellom dei ville dyra, og englane tente han.
Jesus tek til med si gjerning
(Matt 4,12–17; Luk 4,14–15)
14 # 6,17 Då Johannes var sett i fengsel, kom Jesus til Galilea og forkynte Guds evangelium 15#Jes 52,7; Jer 3,12.22; Dan 2,44; 7,14; Hos 14,2; Matt 3,2; 4,17; 10,7; Gal 4,4#1,15 =Guds rike. og sa: «Tida er inne, og Guds rike er kome nær. Vend om og tru på evangeliet!»
Dei første læresveinane
(Matt 4,18–22; Luk 5,1–11)
16 # 1,16 Galileasjøen innsjø som andre stader blir kalla Gennesaretsjøen (jf. Luk 5,1) eller Tiberiassjøen (jf. Joh 6,1; 21,1). not Fiskarane brukte ei lita, rund kastenot (3–5 m i tverrsnitt) som dei kasta frå land ut over ein fiskestim nær stranda. =fiske. Ein gong han gjekk langsmed Galileasjøen, fekk han sjå Simon og Andreas, bror til Simon. Dei heldt på å kasta not i sjøen, for dei var fiskarar. 17Jesus sa til dei: «Kom og følg meg, så skal eg gjera dykk til menneskefiskarar!» 18Då gjekk dei beint frå garna sine og følgde han.
19Då Jesus kom litt lenger fram, fekk han sjå Jakob, son til Sebedeus, og Johannes, bror hans. Dei sat i båten og bøtte garna. 20Då kalla han dei, og dei lét far sin, Sebedeus, bli att i båten saman med arbeidskarane og følgde Jesus.
Ein dag i Kapernaum
(Matt 8,14–17; Luk 4,31–41)
21 # 1,21 sabbat jødisk kviledag. =festar og høgtider. synagogen samlingsstaden til jødane. =synagoge. Så kom dei til Kapernaum, og då det vart sabbat, gjekk han inn i synagogen og underviste. 22#Matt 7,28f#1,22 skriftlærde lærarar som hadde ansvar for å leggja ut lova. =retningar innanfor jødedomen. Alle var fulle av undring over læra hans, for han lærte dei med myndig tale og ikkje som dei skriftlærde.
23 # 1,23 urein ånd =sjukdom. No var det i synagogen deira ein mann med ei urein ånd. Han sette i å ropa: 24#5,7; Joh 6,69#1,24 Guds Heilage er Jesus som Guds Son, jf. 1,1. =heilag og rein. «Kva vil du oss, Jesus frå Nasaret? Er du komen for å øydeleggja oss? Eg veit kven du er: Guds Heilage!» 25Men Jesus truga ånda og sa: «Tei still og far ut av han!» 26#9,20.26 Og ånda reiv og sleit i mannen, skreik høgt og fór ut av han. 27Då vart alle gripne av otte og undring; dei snakka i munnen på kvarandre og sa: «Kva er dette? Ei ny, mektig lære! Han byd til og med dei ureine åndene, og dei lyder han.» 28Og ordet om han fór snart over heile Galilea-området.
29 # 5,37+ Frå synagogen gjekk dei heim til Simon og Andreas saman med Jakob og Johannes. 30Svigermor til Simon låg sjuk og hadde feber, og dei fortalde det straks til Jesus. 31Han gjekk bort til henne, tok henne i handa og reiste henne opp. Då sleppte feberen henne, og ho stelte for dei.
32 # 1,32 Då det … gjekk ned Jødane reknar døgnet frå solnedgang til solnedgang. Sabbaten (v. 21) varte frå fredag kveld til laurdag kveld. Jf. 3 Mos 23,32. =tidsrekning. Då det vart kveld og sola gjekk ned, kom dei til han med alle som var sjuke eller hadde vonde ånder. 33Heile byen var samla utanfor døra. 34#1,44+ Han lækte mange som leid av ulike sjukdomar, og dreiv ut mange vonde ånder. Men han lét ikkje dei vonde åndene få tala, for dei visste kven han var.
Jesus bed og forkynner
(Luk 4,42–44)
35 # Matt 14,23; Mark 6,46; Luk 5,16; 6,12 Morgonen etter, medan det endå var mørkt, stod Jesus opp, gjekk ut og drog til ein aud stad. Der bad han. 36Simon og dei som var med han, skunda seg etter, 37og då dei fann han, sa dei: «Alle leitar etter deg!» 38#Joh 18,37 Men han svara: «Lat oss fara vidare til småbyane her omkring, så eg kan forkynna der òg. Det er difor eg er komen.»
39 # Matt 4,23 Så drog han omkring i heile Galilea, forkynte i synagogane deira og dreiv ut dei vonde åndene.
Den spedalske mannen
(Matt 8,2–4; Luk 5,12–16)
40 # 1,40 spedalsk Ordet viser til ein hudsjukdom. =sjukdom. Ein mann som var spedalsk, kom til han, fall på kne og bad: «Dersom du vil, kan du gjera meg rein.» 41#1,41 fekk inderleg medkjensle Utanom likningane blir det gr. uttrykket nytta berre om Jesus. Jf. Matt 9,36; Mark 6,34; 8,2; 9,22; Luk 7,13. Jesus fekk inderleg medkjensle med han, rette ut handa og rørte ved han. «Eg vil», sa han. «Bli rein!» 42Med det same var sjukdomen borte, og mannen vart rein. 43Jesus tala strengt til han og sende han straks bort. 44#3 Mos 14,2ff; Matt 9,30; Mark 3,12; 7,36; 8,30; 9,9; Luk 4,41 «Sjå til at du ikkje seier eit ord til nokon om dette», sa han. «Men gå og vis deg for presten og ber fram dei offer for reinsinga di som Moses har gjeve påbod om. Det skal vera eit vitnemål for dei.»
45Men mannen gjekk av stad og gav seg til å fortelja om det som hadde hendt; han gjorde det kjent vidt og breitt. Difor kunne ikkje Jesus visa seg i nokon by lenger. Han heldt seg utanfor byane, på aude stader. Men folk kom til han frå alle kantar.

Currently Selected:

Markus 1: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy