Matteus 27:57-61

Matteus 27:57-61 N11NN

Då det vart kveld, kom det ein rik mann som heitte Josef. Han var frå Arimatea og hadde òg vorte ein Jesu læresvein. Han gjekk til Pilatus og bad om å få Jesu kropp, og Pilatus gav ordre om at han skulle få han. Josef tok Jesu kropp, sveipte han i eit reint linklede og la han i den nye grava han hadde hogge ut til seg sjølv i bergveggen. Så rulla han ein stor stein framfor gravopninga og gjekk. Men Maria Magdalena og den andre Maria var der. Dei sat beint framfor grava.
N11NN: Bibelen 2011 nynorsk
Share