Matteus 26:36-39

Matteus 26:36-39 N11NN

Så kom Jesus med læresveinane til ein stad som heiter Getsemane, og han sa til dei: «Sit her medan eg går dit bort og bed.» Han tok med seg Peter og dei to Sebedeus-sønene, og han vart gripen av sorg og gru. Då sa han til dei: « Mi sjel er sorgtyngd til døden. Ver her og vak med meg!» Så gjekk han eit lite stykke fram, kasta seg ned med andletet mot jorda og bad: «Far, er det råd, så lat dette begeret gå meg forbi! Men ikkje som eg vil, berre som du vil.»
N11NN: Bibelen 2011 nynorsk
Share

Matteus 26:36-39

Share