YouVersion Logo
Search Icon

Matteus 10

10
Dei tolv apostlane
(Mark 3,13–19; Luk 6,13–16)
1Jesus kalla til seg dei tolv læresveinane sine og gav dei makt til å driva ut ureine ånder og til å lækja all sjukdom og plage.
2 # Apg 1,13f Dette er namna på dei tolv apostlane: Først Simon, han som blir kalla Peter, og så Andreas, bror hans, Jakob, son til Sebedeus, og Johannes, bror hans, 3#10,3 tollaren Matteus >9,9. Filip og Bartolomeus, Tomas og tollaren Matteus, Jakob, son til Alfeus, og Taddeus, 4#10,4 Kananeos er eit aram. ord med same tyding som det gr. ordet for «selot». Jf. Luk 6,15. =retningar innanfor jødedomen. Iskariot Tydinga av ordet er usikker. Somme set namnet i samband med eit aram. ord for «den falske», andre tolkar det som «ein mann frå Kerijot», ein stad i Judea. Simon Kananeos og Judas Iskariot, han som sveik han.
Jesus sender ut apostlane
(Mark 6,7–13; Luk 9,1–6)
5Desse tolv sende Jesus ut, og han baud dei: «Ta ikkje vegen til heidningane, og gå ikkje inn i nokon av samaritanbyane! 6#15,24 Gå heller til dei bortkomne sauene i Israels hus. 7#3,2+ Gå og forkynn: ‘Himmelriket er kome nær!’ 8#Apg 8,18ff Læk sjuke, vekk opp døde, gjer spedalske reine og driv ut vonde ånder! Gjev som gåve det de fekk som gåve. 9Skaff dykk ikkje gull eller sølv eller koparmyntar til å ha i beltet, 10#Luk 10,7; 1 Kor 9,14; 1 Tim 5,18 og heller ikkje veske til ferda, ikkje to kjortlar, ikkje skor og ikkje stav. For ein arbeidar er verd maten sin. 11Når de kjem til ein by eller landsby, så spør dykk føre kven som er verd å ta imot dykk; hos han skal de vera til de fer vidare. 12Og når de kjem inn i huset, skal de helsa det med fred. 13#Luk 10,6 Er huset verdt det, skal freden koma over det; men er huset ikkje verdt det, skal freden venda tilbake til dykk. 14#10,14 rista støvet av føtene symbolsk handling som uttrykk for at ein gjorde slutt på fellesskapet med nokon. Jf. Neh 5,13; Luk 10,11; Apg 13,51. Er det nokon som ikkje vil ta imot dykk og ikkje vil høyra på bodskapen dykkar, då skal de gå bort frå det huset eller den byen og rista støvet av føtene. 15#1 Mos 19,1ff; Matt 11,24 Sanneleg, eg seier dykk: På dommedag skal Sodoma- og Gomorra-landet sleppa lettare enn den byen.
Det skal koma forfølgingar
(Mark 13,9–13; Luk 21,12–19; 12,2–7)
16 # 1 Mos 3,1; Luk 10,3; Rom 16,19 Sjå, eg sender dykk ut som sauer mellom ulvar. Ver listige som ormar og uskuldige som duer!
17 # 24,9; Joh 16,2 Ta dykk i vare for folk! For dei skal gje dykk over til domstolane og piska dykk i synagogane. 18Og for mi skuld skal de førast fram for landshovdingar og kongar og vitna for dei og for heidningane. 19#Luk 12,11f Men når dei arresterer dykk, så ver ikkje urolege for korleis de skal ordleggja dykk, eller kva de skal seia. Det de skal seia, skal de få i same stunda. 20#2 Mos 4,12; Joh 15,26 For det er ikkje de som talar; det er Anden til Far dykkar som talar gjennom dykk. 21#10,35 Bror skal senda bror i døden, og ein far barnet sitt, og born skal reisa seg mot foreldra sine og senda dei i døden. 22#24,9ff; Op 2,10 Og alle skal hata dykk for mitt namn skuld. Men den som held ut til enden, skal bli frelst.
23Men når dei forfølgjer dykk i ein by, så røm til ein annan! Sanneleg, eg seier dykk: De blir ikkje ferdige med byane i Israel før Menneskesonen kjem.
24 # Luk 6,40; Joh 13,16; 15,20 Ein lærling står ikkje over meisteren sin, og ein tenar står ikkje over herren sin. 25#2 Kong 1,2; Matt 9,34; 12,24.27; Mark 3,22; Luk 11,15ff#10,25 Beelsebul namn på =djevelen. Det er nok for ein lærling at han får det som meisteren, og for ein tenar at han får det som herren. Har dei kalla husherren for Beelsebul, kan då husfolket hans venta noko betre?
26 # Jer 1,8; Mark 4,22; Luk 8,17 Ver ikkje redde dei! For ingenting er dekt til som ikkje skal bli avdekt, og ingenting er løynt som ikkje skal bli kjent. 27Det eg seier dykk i mørkret, skal de tala i lyset; det som blir kviskra dykk i øyret, skal de ropa ut frå hustaka.
28Ver ikkje redde dei som drep kroppen, men ikkje kan drepa sjela. Frykt heller han som kan øydeleggja både sjel og kropp i helvete. 29Blir ikkje to sporvar selde for ein skilling? Og ikkje ein av dei fell til jorda utan at Far dykkar er der. 30Ja, kvart hårstrå på hovudet dykkar er talt. 31#6,26; Luk 12,24 Så ver ikkje redde! De er meir verde enn mange sporvar.
Vedkjenning og etterfølging
(Luk 12,8–9.51–53; 14,26–27; 17,33)
32 # Rom 10,9; Op 3,5 Kvar den som kjennest ved meg for menneska, skal eg òg kjennast ved for Far min i himmelen. 33#Mark 8,38; Luk 9,26; 2 Tim 2,12; 1 Joh 2,23 Men den som fornektar meg for menneska, skal eg òg fornekta for Far min i himmelen.
34Tru ikkje at eg er komen for å skapa fred på jorda. Eg er ikkje komen med fred, men med sverd.
35 # Sal 55,13ff; Mi 7,6 Eg er komen for å setja skilje:
Son mot far,
dotter mot mor,
svigerdotter mot svigermor,
36og ein manns husfolk skal bli fiendane hans.
37 # 5 Mos 33,9 Den som elskar far eller mor meir enn meg, er ikkje verd meg. Den som elskar son eller dotter meir enn meg, er ikkje verd meg. 38#16,24+#10,38 tek krossen sin siktar til den skikken at ein som var dømd til å bli krossfest, sjølv bar tverrbjelken ut til rettarstaden. Jf. Joh 19,17. Og den som ikkje tek krossen sin og følgjer etter meg, er ikkje verd meg. 39#Joh 12,25 Den som finn livet sitt, skal mista det. Men den som mistar livet sitt for mi skuld, skal finna det.
Løna for å ta imot ein læresvein
40 # Mark 9,37; Luk 10,16; Joh 13,20 Den som tek imot dykk, tek imot meg, og den som tek imot meg, tek imot han som har sendt meg. 41#1 Kong 17,9ff; 2 Kong 4,8ff Den som tek imot ein profet fordi han er profet, skal få ein profets løn, og den som tek imot ein rettferdig fordi han er rettferdig, skal få den rettferdiges løn. 42#25,40; Mark 9,41 Og den som gjev ein av desse små om det så berre er eit beger kaldt vatn fordi han er læresvein – sanneleg, eg seier dykk: Han skal slett ikkje mista si løn!»

Currently Selected:

Matteus 10: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy