Lukas 22:7-13,35-38

Lukas 22:7-13 N11NN

Så kom den dagen i høgtida med usyra brød då påskelammet skulle slaktast. Jesus sende Peter og Johannes i veg og sa: «Gå og gjer i stand for oss så vi kan halda påskemåltid.» «Kvar vil du vi skal gjera i stand?» spurde dei. Han svara: «Når de kjem inn i byen, kjem ein mann som ber ei krukke med vatn, til å møta dykk. Han skal de følgja til det huset han går inn i, og så skal de seia til han som eig huset: ‘Meisteren spør: Kvar er rommet der eg kan halda påskemåltid saman med læresveinane mine?’ Han skal visa dykk eit stort rom ovanpå med teppe og puter. Der skal de gjera i stand.» Så gjekk dei og fann det slik som han hadde sagt, og dei gjorde i stand påskemåltidet.
N11NN: Bibelen 2011 nynorsk
Share

Lukas 22:35-38 N11NN

Så sa han til dei: «Då eg sende dykk i veg utan pengepung eller veske eller skor, mangla de då noko?» «Nei, ingen ting», svara dei. «Men no», sa han, «må den som har pengepung, ta han med, og like eins den som har veske. Og den som ikkje har sverd, får selja kappa si og kjøpa seg eit. For eg seier dykk at det må oppfyllast på meg, det ordet som står skrive: Han vart rekna blant lovbrytarar. For det som er fastsett om meg, skal no fullendast.» Då sa dei: «Herre, sjå, her er to sverd.» «Det er nok!» svara han.
N11NN: Bibelen 2011 nynorsk
Share