Jona 1
N11NN

Jona 1

1
Jona rømmer for Herren
1 # 2 Kong 14,25 Herrens ord kom til Jona, son til Amittai: 2#1 Mos 18,21; Jona 3,2 «Stå opp, gå til storbyen Ninive og rop ut over byen at vondskapen deira har stige opp for mitt andlet.» 3#Jes 66,19; Esek 27,12.25#1,3 Tarsis hamneby eller område ved fjerne kystar, kan henda vest i Middelhavet. >1 Mos 10,4. Då stod Jona opp for å rømma til Tarsis, bort frå Herren. Han drog ned til Jaffa og fann eit skip som skulle til Tarsis. Så betalte han for ferda og gjekk ned i båten. Han ville vera med til Tarsis, bort frå Herren.
4 # Sal 107,25f; Matt 8,24 Men Herren kasta ein mektig vind ned over havet, og stormen vart så hard at skipet heldt på å bli knust. 5#2 Kong 17,29; Apg 27,18f Sjøfolka vart redde, og kvar mann ropa til sin gud. Lasta som var om bord, kasta dei på sjøen så skipet skulle letna. Men Jona hadde gått ned under dekk og lagt seg og låg i djup søvn. 6Kapteinen kom bort til han og sa: «Kva er det med deg? Søv du? Stå opp og rop til guden din! Kanskje guden vil hugsa på oss så vi ikkje går under.»
7 # Jos 7,14; 1 Sam 14,42 Mennene sa til kvarandre: «Lat oss kasta lodd, så vi kan få vita kven som er skuld i at denne ulukka har ramma oss!» Dei kasta lodd, og loddet fall på Jona. 8Då sa dei til han: «Sei oss no kven som er skuld i at denne ulukka har ramma oss! Kva slags arbeid har du? Kvar kjem du frå? Kva for eit land er du frå? Og kva for eit folk høyrer du til?» 9#1 Mos 1,9f Han svara: «Eg er hebrear og fryktar Herren, Gud i himmelen, som har skapt havet og det tørre landet.»
10Då vart sjømennene gripne av stor redsle. Dei sa til han: «Kva er det du har gjort!» For dei visste at han hadde rømt bort frå Herren. Det hadde han fortalt dei. 11«Kva skal vi gjera med deg», sa dei, «så havet kan falla til ro omkring oss?» For stormen på havet vart sterkare og sterkare. 12Han svara: «Lyft meg opp og kast meg i havet, så skal det halda opp med å rasa! For eg veit at det er mi skuld at den sterke stormen har råka dykk.»
13Mennene rodde på for å koma til lands att, men dei greidde det ikkje. For det storma sterkare og sterkare imot dei på havet. 14Då ropa dei til Herren: «Herre! Lat ikkje oss gå under fordi denne mannen mistar livet. Lat ikkje skuldlaust blod koma over oss. For du, Herre, har gjort som du ville.»
15Så lyfte dei Jona opp og kasta han på sjøen. Då heldt havet opp å rasa og vart stilt. 16Mennene vart gripne av stor frykt for Herren. Dei ofra slaktoffer til Herren og gav lovnader.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).


Learn More About Bibelen 2011 nynorsk