YouVersion Logo
Search Icon

Johannes 14

14
Vegen, sanninga og livet
1 # 14,27 Lat ikkje hjartet dykkar uroast! Tru på Gud og tru på meg! 2#Hebr 6,19f I huset til Far min er det mange rom. Var det ikkje slik, hadde eg då sagt dykk at eg går og vil gjera klar ein stad til dykk? 3#17,24; 1 Tess 4,16f Og når eg har gått og gjort klar ein stad til dykk, kjem eg att og tek dykk til meg, så de skal vera der eg er. 4Og dit eg går, veit de vegen.»
5Tomas seier til han: «Herre, vi veit ikkje kvar du går; korleis kan vi då vita vegen?» 6#1,14; 10,9; 11,25 Jesus seier: «Eg er vegen, sanninga og livet. Ingen kjem til Far utan gjennom meg. 7#8,19 Har de kjent meg, skal de òg kjenna Far min. Frå no av kjenner de han og har sett han.»
8Filip seier til han: «Herre, syn oss Far, det er nok for oss.» 9#1,18; 12,45 Jesus svarar: «No har eg vore så lang ei tid saman med dykk, og du kjenner meg ikkje, Filip? Den som har sett meg, har sett Far. Korleis kan du då seia: ‘Syn oss Far’? 10#7,16+; 10,38+ Trur du ikkje at eg er i Far og Far i meg? Dei ord eg talar til dykk, har eg ikkje frå meg sjølv; det er Far som er i meg og gjer sine gjerningar. 11#5,36+ Tru meg: Eg er i Far og Far i meg. Om ikkje for anna, så tru det for gjerningane skuld. 12Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Den som trur på meg, skal gjera dei gjerningane som eg gjer, ja, større gjerningar enn dei, for eg går til Far. 13#Matt 7,7+; Joh 15,7.16; 16,23f Og det de bed om i mitt namn, vil eg gjera, så Faderen skal bli herleggjord gjennom Sonen. 14Bed de meg om noko i mitt namn, så skal eg gjera det.
Lovnad om Den heilage ande
15 # 1 Joh 5,3 Elskar de meg, så held de boda mine. 16#14,26; 15,26; 16,7#14,16 ein annan talsmann Det gr. ordet har mange tydingsnyansar: hjelpar, trøystar, formanar, advokat. Då vil eg be Far min, og han skal gje dykk ein annan talsmann, og han skal vera hos dykk alltid: 17Sanningsanden, som verda ikkje kan ta imot. For verda ser han ikkje og kjenner han ikkje. Men de kjenner han, for han bur hos dykk og skal vera i dykk. 18Eg vil ikkje la dykk vera att som foreldrelause born. Eg kjem til dykk. 19#7,33f; 16,16 Om ei lita stund ser ikkje verda meg lenger. Men de ser meg, for eg lever, og de skal leva. 20#10,38+ Den dagen skal de skjøna at eg er i Far min, og at de er i meg og eg i dykk.
21Den som har boda mine, og som held dei, den er det som elskar meg. Og den som elskar meg, skal Far min elska. Ja, den som elskar meg, skal eg òg elska og openberra meg for.»
22 # Apg 10,40f Judas – ikkje Judas Iskariot – seier til han: «Herre, korleis har det seg at du vil openberra deg for oss og ikkje for verda?» 23#Op 3,20 Jesus svara: «Den som elskar meg, held fast på ordet mitt. Og den som elskar meg, skal Far min elska, og vi skal koma og ta bustad hos han. 24#7,16+ Den som ikkje elskar meg, held ikkje fast på orda mine. Og ordet de høyrer, er ikkje frå meg, men frå Far, han som har sendt meg. 25Dette har eg sagt dykk medan eg enno er hos dykk. 26#14,16+; 1 Joh 2,20.27 Men Talsmannen, Den heilage ande, som Far skal senda i mitt namn, han skal læra dykk alt og minna dykk på alt det eg har sagt dykk.
Kristi fred
27 # Ef 2,14; Fil 4,7 Fred etterlèt eg dykk, min fred gjev eg dykk. Eg gjev dykk ikkje fred på same måten som verda gjer det. Lat ikkje hjartet dykkar uroast, og ver ikkje motlause! 28#13,1+ De høyrde at eg sa: Eg går bort, og eg kjem til dykk att. Elska de meg, så gledde de dykk over at eg går til Far, for Far er større enn eg. 29#13,19 No har eg sagt dykk dette før det hender, så de skal tru når det hender. 30#12,31 Heretter kjem eg ikkje til å tala mykje med dykk, for han som herskar over denne verda, kjem. Han har inga makt over meg. 31#Matt 26,46 Men for at verda skal skjøna at eg elskar Far, og fordi Far har bode meg det, gjer eg som Far seier. Reis dykk, lat oss gå herifrå!

Currently Selected:

Johannes 14: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy