YouVersion Logo
Search Icon

Johannes 1

1
Ordet vart menneske
1 # 1 Mos 1,1; Joh 10,30; 17,5; 1 Joh 1,1f # 1,1 Evangeliet etter Johannes Nokre handskrifter har ein kortare ordlyd: «Etter Johannes». =evangelium. I opphavet var Ordet,
Ordet var hos Gud,
og Ordet var Gud.
2 # Ordt 8,22f Han var i opphavet hos Gud.
3 # Sal 33,6; Kol 1,16+ Alt vart til ved han,
og utan han vart ikkje noko til.
Det som vart til 4i han, var liv,
og livet var lyset for menneska.
5 # 3,19; 8,12+ Lyset skin i mørkret,
og mørkret har ikkje overvunne det.
6 # 1,6 Johannes verka i øydemarka omkring Jordanelva, der han forkynte omvending og døypte. Blir òg omtala i 1,7f.15.19–36; 3,22–36; Matt 3,13–15; 11,1–19; 14,1–12; Luk 1,5–80; 3,1–20. =vanlege namn. Eit menneske stod fram, utsendt av Gud; namnet hans var Johannes. 7Han kom for å vitna. Han skulle vitna om lyset, så alle kunne koma til tru ved han. 8#5,35 Han sjølv var ikkje lyset, men han skulle vitna om lyset.
9 # Matt 4,16; 1 Joh 2,8 Det sanne lyset,
som lyser for kvart menneske,
kom no til verda.
10Han var i verda,
og verda vart til ved han,
og verda kjende han ikkje.
11Han kom til sitt eige,
og hans eigne tok ikkje imot han.
12 # Gal 3,26; Ef 1,5; 1 Joh 3,1f Men alle som tok imot han,
dei gav han rett til å bli Guds born,
dei som trur på namnet hans.
13 # 3,3+; 3,5f Dei er ikkje fødde av kjøt og blod,
ikkje av menneskevilje
og ikkje av manns vilje,
men av Gud.
14 # 2 Mos 33,18ff; 34,6; Jes 40,5; 60,1; Luk 9,32 # 1,14 tok bustad kan òg omsetjast «slo opp teltet sitt». Og Ordet vart menneske
og tok bustad mellom oss.
Og vi såg hans herlegdom,
ein herlegdom som den einborne Sonen
har frå Far sin,
full av nåde og sanning.
15 # 1,27.30 Johannes vitnar om han og ropar ut: «Det var om han eg sa: Han som kjem etter meg, er komen før meg, for han var til før meg.»
16 # Kol 2,9f Av hans overflod har vi alle fått,
nåde over nåde.
17For lova vart gjeven ved Moses,
nåden og sanninga kom ved Jesus Kristus.
18 # 2 Mos 33,20; Matt 11,27; Joh 5,37; 6,46; 14,9; 1 Joh 4,12 # 1,18 den einborne, som er Gud Yngre handskrifter har «den einborne Sonen». Ingen har nokon gong sett Gud,
men den einborne, som er Gud,
og som er i fanget til Far,
han har synt oss kven han er.
Døyparen vitnar
19 # Luk 3,15ff # 1,19 vitneutsegna Tanken om vitnemål går som ein raud tråd gjennom Joh. Jf. 1,8.15.19.32.34; 2,25; 3,11.26–28 osb. I framstillinga evangelisten gjev, vitnar alle, både tilhengjarane og motstandarane til Jesus, om at han er send av Gud. =vitne. jødane kan òg omsetjast «judearane». Ordet blir i Joh ofte brukt på ein polemisk måte, om Jesu motstandarar blant leiarane i Jerusalem. Jf. 7,13; 9,22; 18,14; 18,28–19,42; 20,19. =Israelsfolket. levittar underordna medhjelparar for prestane. Dette var vitneutsegna til Johannes då jødane sende prestar og levittar frå Jerusalem for å spørja han: «Kven er du?» 20#3,28; Apg 13,25 Då vedkjende han og nekta ikkje, men sa rett fram: «Eg er ikkje Messias.» 21#5 Mos 18,15.18; 1 Kong 17–19; 2 Kong 1–2; Matt 11,14+; Joh 6,14; 7,40#1,21 Elia Ifølgje Mal 4,5 skulle Elia openberra seg i dei siste tider for å gje menneska høve til omvending. profeten Jødane venta at ein stor profet som Moses skulle stiga fram i endetida. Jf. 5 Mos 18,15; Apg 3,22. «Kven er du då?» spurde dei. «Er du Elia?» «Nei, det er eg ikkje», svara han. «Er du profeten?» «Nei», sa han. 22«Sei oss då kven du er», sa dei, «så vi kan ha eit svar til dei som har sendt oss. Kva seier du om deg sjølv?» 23#Jes 40,3; Matt 3,3 Han sa:
«Eg er ei røyst som ropar i øydemarka:
Gjer Herrens veg bein,
som profeten Jesaja har sagt.»
24 # 1,24 farisearar =retningar innanfor jødedomen. Nokre av dei som var utsende, var farisearar, 25og dei spurde: «Kvifor døyper du då, når du ikkje er Messias og heller ikkje Elia eller profeten?» 26#Matt 3,11 Johannes svara: «Eg døyper med vatn. Men midt imellom dykk står ein som de ikkje kjenner, 27han som kjem etter meg, han som eg ikkje er verdig å løysa skoreima til.» 28Dette hende i Betania på andre sida av Jordan, der Johannes var og døypte.
29 # 2 Mos 29,38ff; 3 Mos 14,10ff; Jes 53,4f.7; Matt 8,17; 1 Kor 5,7; 1 Pet 1,19; 1 Joh 3,5; Op 5,6.9 # 1,29 ber bort Jf. 3 Mos 16,22. Dagen etter ser han Jesus koma gåande mot seg og seier: «Sjå, Guds lam, som ber bort synda i verda! 30Det var om han eg sa: Etter meg kjem det ein mann som er komen før meg, for han var til før meg. 31Eg visste ikkje kven han var, men for at han skal bli openberra for Israel, er eg komen og døyper med vatn.» 32#Matt 3,16 Og Johannes vitna og sa: «Eg såg Anden dala ned frå himmelen som ei due, og Anden vart verande over han. 33#Jes 11,2; 42,1 Eg visste heller ikkje kven han var, men han som sende meg for å døypa med vatn, han sa til meg: Den du ser Anden dala ned over og bli verande over, han er den som døyper med Den heilage ande. 34#1,34 Guds Son Nokre få handskrifter har «Guds utvalde». Og eg har sett det, og eg har vitna: Han er Guds Son.»
Dei første læresveinane
35Dagen etter stod igjen Johannes der med to av læresveinane sine. 36#1,29+ Då Jesus kom gåande, såg Johannes på han og sa: «Sjå, Guds lam!» 37Dei to læresveinane høyrde kva han sa og følgde etter Jesus. 38Jesus snudde seg, og då han såg at dei følgde etter, sa han: «Kva leitar de etter?» Dei spurde: «Rabbi», – det tyder «lærar» – «kvar bur du?» 39#1,39 den tiande timen ca. kl. 16. =tidsrekning. «Kom og sjå», svara Jesus. Så gjekk dei med han og såg kvar han budde, og dei vart verande hos han den dagen. Det var omkring den tiande timen.
40 # Matt 4,18ff Andreas, bror til Simon Peter, var ein av dei to som hadde høyrt det Johannes sa, og hadde følgt etter Jesus. 41#4,25 Han finn først bror sin, Simon, og seier til han: «Vi har møtt Messias» – Messias tyder «Han som er salva». 42#Matt 16,17f#1,42 Kefas, Peter Både det aram. namnet Kefas og det gr. namnet Peter tyder «berg». Så tok han Simon med seg til Jesus. Jesus såg fast på han og sa: «Du er Simon, son til Johannes. Du skal heita Kefas» – det er det same som Peter.
43Dagen etter ville Jesus dra til Galilea. Han fann då Filip og sa til han: «Følg meg!» 44Filip var frå Betsaida, same byen som Andreas og Peter var frå. 45#5 Mos 18,18; Jes 7,14; 9,6; 53,1ff; Jer 23,5f; Esek 34,23 Filip møtte Natanael og sa til han: «Vi har møtt han som Moses har skrive om i lova, og som profetane har skrive om: Det er Jesus frå Nasaret, son til Josef.» 46#7,41.52 «Kan det koma noko godt frå Nasaret?» spurde Natanael. «Kom og sjå!» svara Filip. 47Jesus såg Natanael koma gåande mot seg og sa: «Sjå, der er ein ekte israelitt, ein som er utan svik.» 48«Kvar kjenner du meg frå?» spurde Natanael. Jesus svara: «Eg såg deg då du var under fikentreet, før Filip ropa på deg.» 49#Matt 14,33; 27,42; Joh 11,27; 12,13 Då sa Natanael: «Rabbi, du er Guds Son, du er Israels konge.» 50«Trur du fordi eg sa at eg såg deg under fikentreet?» spurde Jesus. «Du skal få sjå større ting enn det.» 51#1 Mos 28,12#1,51 Menneskesonen Den nemninga Jesus oftast bruker om seg sjølv. Jf. Dan 7,13f. =Jesu titlar. Og han sa: «Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: De skal sjå himmelen opna og Guds englar gå opp og gå ned over Menneskesonen.»

Currently Selected:

Johannes 1: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy