YouVersion Logo
Search Icon

Jeremia 52

52
Jerusalems fall
1 # 2 Kong 24,18ff; 2 Krøn 36,11ff; Jer 37,1ff Sidkia var tjueein år gammal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i elleve år. Mor hans heitte Hamutal og var dotter til Jeremia frå Libna. 2Sidkia gjorde det som vondt var i Herrens auge, i eitt og alt som Jojakim hadde gjort. 3#39,1ff; Esek 17,15 Fordi Herren var vreid på Jerusalem og Juda, gjekk det som det gjorde, og til sist kasta han dei bort frå sitt andlet.
Sidkia gjorde opprør mot kongen av Babel. 4#2 Kong 25,1ff#52,4 i den tiande månaden januar–februar 588. Då drog Nebukadnesar med heile sin hær mot Jerusalem. Det var i det niande styringsåret til Sidkia, den tiande dagen i den tiande månaden. Dei slo leir utfor byen og bygde ein voll rundt han. 5Og byen var kringsett til kong Sidkias ellevte styringsår. 6#52,6 i den fjerde månaden august 587 f.Kr. Den niande dagen i den fjerde månaden, då hungersnauda var som verst og folket ikkje hadde meir mat, 7#39,4 braut fienden gjennom bymuren. Om natta flykta alle krigarane og forlét byen gjennom porten mellom dei to murane, ved kongens hage, endå kaldearane hadde kringsett byen. Og dei tok vegen mot Araba-sletta.
8Men kaldearhæren sette etter kong Sidkia og nådde han att på slettene ved Jeriko. Då hadde heile hæren flykta frå han og var spreidd. 9#52,9 Ribla i Hamat-landet >39,5. Kongen vart gripen og ført opp til Ribla i Hamat-landet, til kongen av Babel, som felte dommen over han. 10#39,5ff Kongen av Babel drap sønene til Sidkia medan han såg på. Alle leiarane i Juda drap han òg der i Ribla. 11Så stakk han ut auga på Sidkia. Kongen av Babel batt han med bronselenkjer og førte han til Babel. Der vart han halden i fengsel til sin døyande dag.
12 # 52,12 Nebusaradan Jf. 39,9ff. Den tiande dagen i den femte månaden – det var i det nittande styringsåret til Nebukadnesar – kom ein av dei fremste mennene til Babel-kongen til Jerusalem. Han heitte Nebusaradan og var sjef for livvakta. 13Nebusaradan sette Herrens hus og kongeborga i brann. Alle husa og palassa i Jerusalem brende han opp. 14Og heile kaldearhæren som stod under kommandoen hans, reiv murane rundt Jerusalem. 15Så førte Nebusaradan i eksil nokre av dei fattigaste i folket og dei som var att i byen, og dei som hadde falle frå og gått over til Babel-kongen, og resten av handverkarane. 16Berre ein del av dei fattigaste i landet lét Nebusaradan vera att; dei skulle arbeida på vinmarkene og på åkrane.
17 # 27,19ff Kaldearane slo sund bronsesøylene i Herrens hus, vognstativa og bronsehavet som stod der. All bronsen førte dei til Babel. 18Dei tok oskefata og eldskuffene, lysesaksene, offerskålene og røykjelsesskålene og alt utstyr av bronse som hadde vore i bruk i gudstenesta. 19Sjefen for livvakta tok òg med seg alt som var av gull og sølv: bollane og glopannene, offerskålene og oskefata, lysestakane, røykjelsesskålene og kannene til drikkofferet. 20#1 Kong 7,15ff.23ff Dei to søylene, det eine havet, dei tolv bronseoksane under det og vognstativa som Salomo hadde laga til Herrens hus – alle desse tinga inneheldt så mykje bronse at dei ikkje kunne vegast. 21#2 Kong 25,17; 2 Krøn 3,15#52,21 atten alner ca. 9 m. tolv alner ca. 6 m. Begge søylene var atten alner høge og tolv alner i omkrins. Dei var fire fingrar tjukke og hole. 22Begge hadde eit søylehovud av bronse, og kvart søylehovud var fem alner høgt. Rundt om på søylehovudet var det slyngornament av granateple, alt saman av bronse. Slik var begge søylene. 23Nittiseks granateple hang fritt. I alt var det hundre granateple rundt om på slyngornamenta.
Judearane blir førte i eksil til Babel
24Sjefen for livvakta tok med seg øvstepresten Seraja og Sefanja, presten under han, og dei tre dørvaktarane. 25Frå byen tok han med seg ein hoffmann som hadde tilsyn med krigarane, sju av kongens fremste tenestemenn som endå var i byen, dessutan skrivaren til hærføraren, han som skreiv ut folk i landet til krigsteneste, og seksti mann av folket elles som fanst i byen. 26Alle desse tok Nebusaradan, sjefen for livvakta, med seg. Han førte dei til Babel-kongen i Ribla, 27og kongen slo dei i hel der, i Ribla i Hamat-landet. Slik vart folket i Juda ført bort frå landet sitt.
28Dette er folket som Nebukadnesar førte i eksil: i det sjuande styringsåret 3023 frå Juda, 29i Nebukadnesars attande år 832 frå Jerusalem. 30I Nebukadnesars tjuetredje år førte Nebusaradan, livvaktsjefen, 745 judearar i eksil. Til saman var det 4600 personar.
Kong Jojakin blir teken til nåde
31 # 2 Kong 25,27ff # 52,31 det trettisjuande året 562 f.Kr. I det trettisjuande året etter at Juda-kongen Jojakin var bortført, den tjuesjuande dagen i den tolvte månaden i det året han sjølv vart konge, tok Babel-kongen Evil-Merodak Juda-kongen Jojakin til nåde og henta han ut or fengselet. 32Han snakka venleg med han og gav han den fremste plassen mellom dei andre kongane som var hos han i Babel. 33Jojakin fekk leggja av fangedrakta, og han åt alltid ved kongens bord så lenge han levde. 34Sitt daglege brød fekk han av Babel-kongen, dag for dag så lenge han levde, til sin døyande dag.

Currently Selected:

Jeremia 52: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy