Dommarane 9
N11NN
9
Kongedømet til Abimelek
1 # 8,31 Abimelek, son til Jerubbaal, fór til morbrørne sine i Sikem. Han tala med dei og med heile slekta til morfaren sin og sa: 2«Gå no til alle menn med makt i Sikem og spør: Kva er best for dykk? Vil de ha sytti mann, alle sønene til Jerubbaal, til å rå over dykk, eller vil de at berre éin mann skal rå? Kom i hug at eg er av same bein og kjøt som de.» 3Då gjekk morbrørne og sa alt dette til alle menn i Sikem. Og hjartet deira vart vunne for Abimelek, for dei sa: «Han er jo ein av våre.» 4#8,33; 11,3 Så gav dei han sytti sjekel sølv frå tempelet til Baal-Berit. For dei leigde Abimelek nokre simple menn som gjekk og dreiv, og dei følgde han. 5#9,53; 2 Kong 10,7; 11,1 Så fór han til huset åt far sin i Ofra. Der drap han brørne sine, sønene til Jerubbaal, sytti mann på éin stein. Berre Jotam, yngste sonen til Jerubbaal, vart att, for han hadde gøymt seg. 6#Jos 24,26f#9,6 Bet-Millo borga i Sikem. >2 Sam 5,9. Alle menn med makt i Sikem og alle som var i Bet-Millo, samla seg. Dei gjekk ut og gjorde Abimelek til konge, ved steinstøtte-eika i Sikem.
7Då Jotam fekk vita det, gjekk han opp på toppen av Garisim-fjellet. Han ropa høgt:
Høyr på meg, de menn i Sikem,
så skal Gud høyra på dykk!
8Ein gong gjekk trea
for å salva ein konge.
Dei sa til oliventreet:
«Du skal vera konge over oss!»
9Men oliventreet svara:
«Skulle eg gje avkall på oljen min
som gudar og menneske blir æra med,
og gje meg til å svaia over dei andre trea?»
10Då sa trea til fikentreet:
«Kom du og ver konge over oss!»
11Fikentreet svara:
«Skulle eg gje avkall på mi søte, gode frukt
og gje meg til å svaia over dei andre trea?»
12Så sa dei til vintreet:
«Kom du og ver konge over oss!»
13 # Sal 104,15 Vintreet svara:
«Skulle eg gje avkall på den nye vinen
som gjer gudar og menneske glade,
og gje meg til å svaia over dei andre trea?»
14 # 2 Kong 14,9 # 9,14 klungeren I motsetnad til oliventreet var klungeren ein verdilaus busk. Då sa alle trea til klungeren:
«Kom du og ver konge over oss!»
15Klungeren svara:
«Er det verkeleg slik
at de vil salva meg til konge,
så kom og søk ly i skuggen min!
Elles fer det eld ut frå klungeren,
og han skal øyda sedrane på Libanon.»
16Har de fare ærleg og trufast fram når de no har gjort Abimelek til konge? Gjorde de vel mot Jerubbaal og ætta hans og lét han få som han fortente? 17#6,33–8,28 Far min stridde for dykk, han våga livet og berga dykk ut av hendene på Midjan. 18Men i dag har de reist dykk mot slekta til far min og drepe sønene hans, sytti mann på éin stein. De har gjort Abimelek, som er son til slavekvinna hans, til konge over Sikems menn fordi han er ein av dykk. 19Har de i dag fare ærleg og trufast fram mot Jerubbaal og ætta hans, så gled dykk over Abimelek og lat han gleda seg over dykk! 20Men har de ikkje det, skal det gå eld ut frå Abimelek og øydeleggja mennene i Sikem og Bet-Millo. Og eld skal gå ut frå mennene i Sikem og frå Bet-Millo og øydeleggja Abimelek. 21Så rømde Jotam. Han flykta og fór til Beer. Der slo han seg ned så Abimelek, bror hans, ikkje kunne nå han.
22I tre år styrte Abimelek i Israel. 23#1 Sam 16,14; 18,10; 19,9; 1 Kong 22,23; Jes 19,14; 29,10 Då sende Gud ei vond ånd mellom Abimelek og mennene i Sikem, så dei sveik Abimelek. 24Dette hende for at valdsverket som vart gjort mot dei sytti sønene til Jerubbaal, kunne bli hemna. Blodet deira skulle koma både over deira eigen bror Abimelek, han som drap dei, og over mennene i Sikem, som støtta han så han kunne drepa brørne sine med eigne hender. 25Mennene i Sikem la folk i bakhald mot han på fjelltoppane, og dei rana alle som fór forbi dei på vegen. Dette fekk Abimelek vita.
26 # 9,26 Gaal ein annan som søkte makt og øste folket i Sikem opp mot Abimelek. Gaal, son til Ebed, kom til Sikem saman med brørne sine, og mennene i Sikem fekk tillit til han. 27Dei gjekk ut og hausta vinmarkene sine og pressa druene. Så heldt dei fest. Dei gjekk inn i tempelet til guden sin, åt og drakk og banna Abimelek. 28#1 Mos 34,2 Då sa Gaal, son til Ebed: «Kven er Abimelek, og kven er Sikem, at vi skulle tena han? Er han ikkje son til Jerubbaal, og er ikkje Sebul tilsynsmannen hans? Ten dei mennene som ættar frå Hamor, far til Sikem! Kvifor skulle vi tena denne mannen? 29Gjev eg hadde hand om dette folket, så skulle eg få Abimelek or vegen. Då skulle eg seia til han: Auk hæren din, Abimelek, og dra ut i strid!»
30Då Sebul, hovdingen i byen, fekk høyra kva Gaal, son til Ebed, hadde sagt, vart han rasande. 31Han sende i løynd bod til Abimelek og sa: «Høyr! Gaal, son til Ebed, er komen til Sikem saman med brørne sine, og dei øser opp byen mot deg. 32No i natt skal du ta i veg med det folket du har hos deg, og leggja deg i bakhald ute i ope lende. 33I morgon tidleg, når sola går opp, skal du rykkja fram og ta på byen. Då vil Gaal og folket hans fara ut imot deg, og du kan gjera med han det du maktar.»
34Abimelek tok ut om natta med alt det folket han hadde, og dei la seg i bakhald mot Sikem i fire grupper. 35Då Gaal, son til Ebed, gjekk ut og stod ved inngangen til byporten, kom Abimelek og folket hans fram frå bakhaldet. 36Gaal fekk auge på folket og sa til Sebul: «Sjå, det kjem folk ned frå fjelltoppane!» Sebul svara: «Det er skuggen av fjella du tek for menneske.» 37#9,37 verdsens navle i Esek 38,12 om Jerusalem, her kanskje Garisim-fjellet. Men Gaal heldt fram: «Jau, det kjem folk ned frå verdsens navle, og ein annan flokk kjem på vegen frå Spåmannseika.» 38Då sa Sebul til han: «Kvar er no dei store orda dine? Var det ikkje du som sa: Kven er Abimelek, at vi skulle tena han? Sjå, her kjem desse folka du vørde så lite. Dra no ut og kjemp mot dei!»
39Då drog Gaal ut i spissen for mennene i Sikem og kjempa mot Abimelek. 40Men Abimelek sette etter han og dreiv han på flukt. Mange fall; det låg drepne heilt bort til byporten. 41Sidan slo Abimelek seg ned i Aruma. Og Sebul dreiv Gaal og brørne hans bort; dei fekk ikkje bu i Sikem. 42Dagen etter skulle Sikem-folket ut på marka. Då Abimelek fekk vita det, 43delte han hæren sin i tre flokkar og la seg i bakhald ute i ope lende. Då han såg at folka kom ut av byen, sette han på dei og slo dei. 44Abimelek og flokken som følgde han, sprang og stilte seg ved inngangen til byporten, medan dei to andre flokkane tok på alle som var ute på marka, og hogg dei ned. 45#Sal 107,34; Jer 17,6 Abimelek kjempa mot byen heile dagen. Han tok byen, og folket som var der, slo han i hel. Byen reiv han ned og sådde han til med salt.
46 # 8,33 Då mennene i Sikem-borga høyrde det, gjekk dei alle inn i kjellarrommet under El-Berit-tempelet. 47Så snart Abimelek fekk vita at alle menn i Sikem-borga hadde samla seg, 48gjekk han opp på Salmon-fjellet med alle mennene sine. Abimelek greip tak i ei øks og hogg greiner av trea. Han lyfte dei opp og la dei på skuldra. Så sa han til folka sine: «De ser kva eg har gjort. Skund dykk og gjer som eg.» 49Alt folket hogg kvar si bør med greiner og følgde etter Abimelek. Dei la greinene over kjellarrommet og sette fyr på dei over hovudet på dei som var der. Slik mista dei livet, alle som var i Sikem-borga òg, om lag tusen menn og kvinner.
50Sidan gjekk Abimelek mot Tebes. Han kringsette byen og tok han. 51Midt i byen var det eit festningstårn. Dit rømde alle menn og kvinner og alle dei mektige i byen. Dei stengde etter seg og gjekk opp på tårntaket. 52Abimelek gjekk fram mot tårnet og ville ta det. Men då han kom inntil porten i tårnet og ville setja eld på han, 53#2 Sam 11,21 var det ei kvinne som kasta ein kvernstein i hovudet på Abimelek så skallen hans vart knust. 54#1 Sam 31,4 Han ropa snøgt til våpenberaren sin: «Dra sverdet og drep meg, så det ikkje skal seiast at ei kvinne slo meg i hel!» Då stakk tenaren sverdet gjennom han, og han døydde.
55Då israelittane såg at Abimelek var død, gjekk dei heim, kvar til sitt. 56Såleis gav Gud Abimelek like for det vonde han gjorde mot far sin då han drap dei sytti brørne sine. 57#9,57 Den forbanninga Jf. v. 20. Og alt det vonde som mennene i Sikem hadde gjort, lét Gud koma att over hovuda deira. Den forbanninga som Jotam, son til Jerubbaal, hadde lyst, kom over dei.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Learn More About Bibelen 2011 nynorsk