YouVersion Logo
Search Icon

Dommarane 3

3
1 # 2,3 Dette er dei folkeslaga som Herren lét vera att. – Han ville bruka dei til å setja Israel på prøve, dei av Israel som ikkje hadde vore med i alle krigane om Kanaan. 2Dette gjorde han for at dei komande slektene av israelittar skulle læra å føra krig, men berre dei som ikkje hadde vore med før. – 3#Jos 13,3ff Det var hovdingane for dei fem filistarbyane, alle kanaanearane, sidonarane og hevittane som budde i Libanon-fjella, frå Baal-Hermon-fjellet til Lebo-Hamat. 4Ved dei vart Israel sett på prøve, så det kunne visa seg om dei ville lyda boda som Herren hadde gjeve fedrane deira gjennom Moses.
5Israelittane budde midt imellom kanaanearane, hetittane, amorittane, perisittane, hevittane og jebusittane. 6#1 Mos 24,3+; 5 Mos 7,1ff Dei tok døtrene deira til koner og gav sjølve døtrene sine til sønene deira, og dei dyrka gudane deira.
Otniel
7 # 3,7 Baal-gudane, Asjera-gudinnene >2,11. =framande gudar. Israelittane gjorde det som var vondt i Herrens auge; dei gløymde Herren sin Gud og dyrka Baal-gudane og Asjera-gudinnene. 8#2,14.20 Då flamma Herrens vreide opp mot israelittane, og han gav dei i hendene på Kusjan-Risjatajim, kongen i Aram-Naharajim. Israelittane måtte tena Kusjan-Risjatajim i åtte år.
9 # 3,15; 6,6f; 10,10.12 Då ropa israelittane til Herren, og Herren lét ein redningsmann stå fram i Israel, og han frelste dei. Det var Otniel, son til Kenas, yngste bror til Kaleb. 10#6,34; 11,29; 13,25; 14,6.19; 15,14; 1 Sam 10,6; 16,13; Jes 11,2; 42,1; 61,1Herrens ande kom over han, og han vart dommar i Israel. Han drog ut i strid, og Herren gav kongen i Aram, Kusjan-Risjatajim, over i hans hender. Han fekk makta over Kusjan-Risjatajim, 11#5,31; 8,28.33; 13,1 og landet hadde fred i førti år. Så døydde Otniel, son til Kenas.
Ehud
12 # 2,11+ Israelittane gjorde på nytt det som vondt var i Herrens auge. Då gav Herren Moab-kongen Eglon makt over dei fordi dei hadde gjort det som var vondt i Herrens auge. 13#1,16 Han fekk med seg ammonittane og amalekittane og drog ut og slo Israel, og dei tok Palmebyen. 14Israelittane måtte tena Eglon, Moab-kongen, i atten år.
15Då ropa israelittane til Herren, og Herren lét ein redningsmann stå fram, benjaminitten Ehud, son til Gera, ein venstrehendt mann. Israelittane sende han med ei gåve til Eglon, kongen i Moab. 16#3,16 gomed ukjend måleining, kortare enn ei alen. =mål og vekt. Ehud laga seg eit tvieggja sverd som var ein gomed langt, og spente det på seg under kleda ved den høgre hofta. 17Så førte han gåva fram for Eglon, kongen i Moab. Eglon var ein svært tjukk mann. 18Då Ehud hadde bore gåva fram, sende han bort dei som hadde bore gåva. 19Sjølv snudde han ved Pesilim, som er ved Gilgal, drog tilbake og sa: «Eg har ein hemmeleg bodskap til deg, konge.» Då sa kongen: «Stille!» Så gjekk dei ut, alle som stod til teneste for han.
20Då Ehud kom inn til kongen, sat han åleine i det svale takkammeret sitt. Ehud sa til han: «Eg har ein bodskap frå Gud til deg.» Kongen reiste seg frå stolen. 21Ehud rekte ut venstrehanda, greip sverdet frå høgre hofta og støytte det inn i magen på han 22så skjeftet følgde med sverdbladet inn. Feittet lukka seg rundt bladet, for han drog ikkje sverdet ut or magen på han, og mageinnhaldet valt ut. 23Ehud gjekk ut i forhallen, lét dørene til takkammeret att etter seg og låste.
24 # 1 Sam 24,4 Då han hadde gått, kom tenarane til kongen. Dei fekk sjå at dørene til takkammeret var låste, og tenkte: «Han har vel eit nødvendig ærend i det svale kammerset.» 25Dei venta lenge. Men då han ikkje opna dørene, tok dei nøkkelen og låste opp. Og der låg herren deira døyande på golvet.
26Men Ehud slapp unna medan dei andre var tvilrådige; han var alt komen forbi Pesilim og flykta vidare mot Se'ir. 27Då han kom fram, bles han i bukkehornet i Efraim-fjella. Israelittane drog ned med han frå fjellet, og han gjekk føre dei. 28#7,24; 12,5 «Følg etter meg», sa han til dei, «for Herren har gjeve fiendane dykkar, moabittane, i dykkar hender!» Dei drog ned etter han og tok vadestadene over Jordan til Moab. Dei lét ikkje ein einaste sleppa over. 29Den gongen felte dei ti tusen moabittar, alle kraftige og modige menn; ikkje ein kom seg unna. 30#3,11+; 8,28; 11,33 Moab måtte bøya seg under Israels hand den dagen, og så hadde landet fred i åtti år.
31Etter Ehud kom Sjamgar, son til Anat. Han felte seks hundre mann av filistrane med ein piggstav til å driva oksar med. Også han berga Israel.

Currently Selected:

Dommarane 3: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy