Jesaja 55
N11NN
55
Herrens nådige innbyding
1 # 12,3; 44,3; Sak 13,1; Joh 4,14; 7,37; Op 22,17 Kom, alle tørste, kom til vatnet!
De utan pengar, kom og kjøp korn og et!
Kom, kjøp korn utan pengar,
vin og mjølk utan betaling!
2 # Sal 22,27ff; 36,9ff; Jes 25,6; Esek 34,14 Kvifor bruka pengar
på det som ikkje er brød,
og arbeid på det som ikkje mettar?
Høyr no på meg,
så skal de få eta det som godt er,
og fryda dykk over feite retter.
3 # 2 Sam 7,12ff; 1 Kong 8,25; Sal 89,4ff; 105,8.10; 111,9; Jes 54,10; 61,8; Jer 50,5; Apg 2,30; 13,34 Vend øyret hit og kom til meg,
høyr, så skal de leva!
Eg vil gjera ei evig pakt med dykk,
mi miskunn mot David står fast.
4 # Op 1,5; 3,14 Sjå, til vitne for folka sette eg han,
til fyrste og herskar over folka.
5 # 2,2ff; 44,5 Sjå, eit folkeslag du ikkje kjenner,
skal du kalla på,
eit folkeslag som ikkje kjenner deg,
skal springa mot deg
for Herren din Guds skuld,
Israels Heilage, som gjer deg herleg.
Søk Herren medan han er å finna
6 # 1 Krøn 28,9; Jer 29,13; Hos 10,12; Am 5,4.6; Sef 2,3; Apg 17,27 Søk Herren medan han er å finna,
kall på han når han er nær!
7 # 54,10; Esek 18,30f; 33,11; Joel 2,12f; Luk 15,20ff Den urettferdige skal venda seg bort frå sin veg,
ugjerningsmannen frå sine tankar,
og venda om til Herren, som vil visa miskunn,
til vår Gud, for han er rik på tilgjeving.
8 # Job 11,7–9; Rom 11,33 For mine tankar er ikkje dykkar tankar,
og dykkar vegar er ikkje mine vegar,
seier Herren.
9 # Sal 92,6 Som himmelen er høgt over jorda,
slik er mine vegar høgt over dykkar vegar
og mine tankar høgt over dykkar tankar.
10For lik regn og snø
som fell frå himmelen
og ikkje vender attende dit
før dei har vatna jorda,
gjort henne fruktsam og fått henne til å spira,
gjeve såkorn til den som skal så,
og brød til den som skal eta,
11slik er mitt ord
som går ut or min munn:
Det vender ikkje tomt attende til meg,
men gjer det eg vil
og fullfører det eg sender det til.
12 # Sal 98,8 For med glede skal de dra ut,
i fred skal de førast fram.
Fjell og haugar bryt ut i jubel framfor dykk,
alle tre på marka klappar i hendene.
13 # 41,19 I staden for klunger
skal det veksa sypressar,
i staden for nesler
skal det veksa myrt.
Slik skal Herren få eit namn,
eit evig teikn som aldri skal slettast ut.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Learn More About Bibelen 2011 nynorsk