Jesaja 15
N11NN
15
Moab
1 # Jer 48,1ff; Sef 2,9 # 15,1 Ar-Moab >4 Mos 21,15. Kir-Moab Kir-Hareset, jf. 16,7. Bodskap om Moab.
I ei natt av vald gjekk Ar-Moab til grunne.
I ei natt av vald gjekk Kir-Moab til grunne.
2 # Jer 48,37; Esek 7,18 # 15,2 Dibon, Nebo, Medeba moabittiske byar nord for Arnon. Dei går opp til tempelet,
Dibon går til offerhaugane for å gråta.
Moab sørgjer
over Nebo og Medeba.
Kvart hovud er snauklipt,
alt skjegg er raka av.
3 # 15,3 sekkestrie grov tekstil av dyrehår, eit ytre teikn på sorg eller anger. =sørgjeskikkar. I gatene går dei kledde i sekkestrie,
på tak og torg sørgjer alle,
tårene renn.
4 # 4 Mos 21,26; Jer 48,34 Hesjbon og Elale klagar,
skrika høyrest heilt til Jahas.
Difor ropar Moabs krigarar,
dei skjelv og mistar motet.
5 # Jer 48,5 # 15,5 Soar >1 Mos 19,22. Hjartet mitt klagar over Moab.
Dei flyktar til Soar og Eglat-Sjelisjia,
gråtande går dei opp bakkane til Luhit,
på vegen til Horonajim
klagar dei høgt over samanbrotet.
6 # Sal 107,33ff; Jer 48,34 # 15,6 Nimrim-vatnet truleg søraust for Daudehavet. For Nimrim-vatnet blir til ørkenland,
graset tørkar bort,
enga visnar,
det finst ikkje noko som er grønt.
7 # 15,7 Arabim-bekken tillaup til Jordan frå aust, rett nord for Daudehavet. Arabim er ein tresort som veks ved vatn. Difor tek dei det som er att,
det dei har teke vare på,
og ber det over Arabim-bekken.
8Ja, klageropet går
rundt om i Moab-landet,
skriket når til Eglajim,
skriket når til Beer-Elim.
9 # 15,9 Dimon elles Dibon, jf. v. 2. For vatnet i Dimon er fullt av blod,
og endå sender eg meir mot Dimon:
løver mot dei som slapp unna frå Moab,
og mot dei som er att i landet.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Learn More About Bibelen 2011 nynorsk