YouVersion Logo
Search Icon

Habakkuk 3

3
Salme
1 # 3,1 sjiggajon ein type song, uvisst kva slag. Jf. Sal 7,1. Ei bøn av profeten Habakkuk. Som ein sjiggajon.
2 # 1,5; 2,2f Herre, eg høyrde gjetord om deg,
eg såg, Herre, det du har gjort.
Ta det opp att i vår tid,
gjer det kjent i vår tid!
Hugs å visa miskunn
sjølv om du er vreid!
3 # Jes 6,3 # 3,3 Teman område i Edom, ofte nytta om heile landet. Paran-fjellet høgd i Paran-ørkenen. Når Gud openberrar seg, blir det stundom sagt at han kjem frå fjella i sør, der han synte seg for Israel på ferda gjennom øydemarka. Jf. 5 Mos 33,2. Gud kjem frå Teman,
Den heilage frå Paran-fjellet. Sela
Hans herlegdom dekkjer himmelen,
og lovsong til han fyller jorda.
4Lysglansen er som ein soloppgang,
strålar går ut frå hans hand.
Der er styrken hans løynd.
5 # Sal 78,49f Føre han går pest,
i hans fotefar følgjer sott.
6Han stansar og rister jorda,
han ser og får folkeslag til å skjelva.
Gamle fjell blir knuste,
eldgamle haugar sig i hop.
Han går på gamle vegar.
7 # 3,7 Kusjan ukjend arabisk stamme eller stad. Eg ser Kusjans telt ramma av ulukke,
og teltdukane i Midjan skjelv.
8 # 2 Mos 14,25ff; 15,3ff; Jos 3,15ff; Sal 114,3ff Er du harm på elvane, Herre?
Logar din vreide mot elvane?
Er det havet du er harm på
når du rid fram på hestane dine
og vognene dine gjev siger?
9Du gjer bogen klar
og legg pil etter pil på strengen. Sela
Du kløyver jorda så elvar renn.
10 # Sal 77,17ff Fjella ser deg og skjelv,
styrtregnet fossar ned,
djupet lyfter røysta
og lyfter handa mot det høge.
11Sol og måne står stille i sin bustad
når lyset frå pilene fer hit og dit,
lysglansen frå ditt lynande spyd.
12I harme skrid du fram over jorda,
i vreide trampar du folkeslag ned.
13 # 3,13 han du har salva kongen i Juda. Du dreg ut for å frelsa ditt folk,
for å frelsa han du har salva.
Du knuser overhovudet
for huset til den urettferdige,
kler av frå topp til tå. Sela
14Med hans eigne piler gjennomborar du hovudet
på krigarane hans.
Dei stormar fram, vil driva meg bort,
dei frydar seg som om dei skulle eta
ein hjelpelaus som er i løynd.
15Med hestane dine fer du over havet,
dei veldige, brusande vatna.
16Eg høyrde det, då skalv mitt indre,
og leppene dirra ved lyden.
Det kom verk i beina mine,
føtene vakla under meg.
Roleg ventar eg på
at trengselsdagen skal koma
over det folket som går til åtak på oss.
17For fikentreet blømer ikkje,
vinstokken ber ikkje frukt,
olivenhausten slår feil,
åkeren gjev ikkje mat,
sauene er borte frå kvea,
fjøset er tomt for fe.
18 # Jes 61,10; Joel 2,23; Luk 1,46f Men eg vil fryda meg i Herren,
jubla i Gud, min frelsar.
19 Gud Herren er min styrke.
Han gjev meg føter som ei hind
og lèt meg ferdast på høgdene.
Til korleiaren. Med strengespel.

Currently Selected:

Habakkuk 3: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy