YouVersion Logo
Search Icon

Esra 4

4
Arbeidet på tempelet blir stansa
1Motstandarane til Juda og Benjamin fekk høyra at dei som hadde vore i eksil, heldt på å byggja eit tempel for Herren, Israels Gud. 2Då gjekk dei til Serubabel og leiarane for familiane og sa: «Lat oss byggja saman med dykk. For vi dyrkar den same Gud og har ofra til han heilt sidan assyrarkongen Asar-Haddon førte oss hit.» 3Men Serubabel, Josva og resten av leiarane for familiane i Israel svara: «Nei, vi kan ikkje byggja eit hus for vår Gud saman med dykk. Åleine vil vi byggja det for Herren, Israels Gud, slik som persarkongen Kyros har gjeve oss påbod om.»
4Folket i landet tok då motet frå folket i Juda og skremde dei frå å byggja. 5#4,5 Dareios vart konge år 522 f.Kr. Dei betalte kongens rådgjevarar for å motarbeida byggjeplanane så lenge persarkongen Kyros levde, og heilt fram til Dareios vart konge i Persia.
6 # 4,6 Xerxes På hebr. vart han kalla Ahasjverosj. Då Xerxes var konge, i den første tida han regjerte, skreiv dei ei klage på innbyggjarane i Juda og Jerusalem.
7Medan Artaxerxes styrte i Persia, skreiv Bisjlam, Mitredat, Tabeel og resten av embetsbrørne deira til kongen. Dokumentet var skrive på arameisk og vart tolka.
8 # 4,8 Rådsherren Rehum den øvste leiaren i provinsen Bortanfor Eufrat. Han hadde sete i Samaria og hadde oppsyn med Jerusalem òg. 4,8–6,18 er skrive på aram. Rådsherren Rehum og skrivaren Sjimsjai skreiv dette brevet om Jerusalem til kong Artaxerxes:
9«Frå rådsherren Rehum, skrivaren Sjimsjai og alle embetsbrørne deira, dommarane, embetsmennene, offiserane, oppsynsmennene, folka frå Erek og Babel og elamittane frå Susa, 10#4,10 Asenappar assyrisk konge, kanskje Assurbanipal eller Salmanassar 5. og dei andre folkeslaga som den store og namngjetne Asenappar førte bort og busette i byen Samaria og elles i provinsen Bortanfor Eufrat.»
11Dette er ei avskrift av brevet som vart sendt kongen:
«Til kong Artaxerxes frå tenarane dine, mennene frå provinsen Bortanfor Eufrat.
12Kongen skal vita at dei judearane som drog opp frå deg til oss, er komne til Jerusalem. Dei er i ferd med å byggja opp att denne opprørske og vonde byen. Dei fullfører murane og reparerer grunnvollane. 13No skal kongen vita at dersom denne byen blir bygd opp att og murane blir fullførte, så vil dei verken betala skattar, toll eller avgifter, og dette kjem til å skada kongedømet. 14#4,14 et … salt Uttrykket tyder at ein får til livsopphald frå palasset. Sidan vi et av palasset sitt salt, sømer det seg ikkje for oss å sjå på at kongen blir vanæra. Difor melder vi no frå om dette til kongen, 15#4,15 krønikeboka truleg ei kronologisk liste over hendingar i styringstida til ein konge. så ein kan granska i krønikeboka til fedrane dine. I denne boka vil du finna at dette har vore ein opprørsk by som har vore til skade for kongar og provinsar. Sidan tidlege tider har det vore uro der, og difor er denne byen vorten øydelagd. 16Vi gjer kjent for kongen at dersom byen blir bygd opp att og murane fullførte, så kjem du ikkje til å ha land bortanfor Eufrat.»
17Kongen sende dette svaret:
«Til rådsherren Rehum, skrivaren Sjimsjai og resten av embetsbrørne som bur i Samaria og elles i provinsen Bortanfor Eufrat: Fred!
18Dokumentet som de sende oss, har eg fått omsett og opplese. 19Eg gav ordre om ei gransking, og ein fann at denne byen frå tidlege tider har sett seg opp mot kongane. Det har vore opprør og uro der. 20#1 Kong 4,21 Mektige kongar har styrt over Jerusalem og rådd over heile provinsen Bortanfor Eufrat. Dei fekk inn skattar, avgifter og toll. 21Gjev no påbod om å stansa desse mennene, så byen ikkje blir bygd opp att før det kjem ordre frå meg. 22Ver ikkje ettergjevande i denne saka, elles kan det bli til endå større skade og tap for kongane.»
23Så snart avskrifta av dokumentet frå kong Artaxerxes hadde vorte lesen for Rehum, skrivaren Sjimsjai og embetsbrørne deira, skunda dei seg av stad til judearane i Jerusalem og stansa dei med vald og makt. 24Då vart arbeidet på Guds hus i Jerusalem avbrote, og det låg nede til det andre året av regjeringstida til persarkongen Dareios.

Currently Selected:

Esra 4: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy