YouVersion Logo
Search Icon

Ester 4

4
Mordekai sin redningsplan
1 # 4,1 reiv sund … sekk og oske teikn på sorg eller anger. =sørgjeskikkar. Mordekai fekk vita alt det som hadde hendt, og han reiv sund kleda sine og kledde seg i sekk og oske. Så gjekk han ut i byen og ropa og klaga høgt og bittert. 2Han kom så langt som til slottsporten. Men ingen kunne gå gjennom slottsporten kledd i sekkestrie. 3Og i kvar provins der kongens ord og bod nådde fram, vart det stor sorg mellom jødane, med faste, gråt og klage, og mange la seg i sekk og oske.
4Tenestejentene til Ester og evnukkane kom og fortalde henne dette. Då tok dronninga til å skjelva. Ho sende Mordekai klede som han skulle ha på seg i staden for sekkestrien, men han tok ikkje imot. 5Så kalla Ester inn Hatak, ein evnukk som kongen hadde sett til å tena henne. Ho sende han til Mordekai for å få vita kva som hadde hendt, og kvifor. 6Hatak gjekk ut til Mordekai på bytorget framfor slottsporten. 7Mordekai fortalde då alt som hadde hendt han, og heile historia om sølvet som Haman hadde sagt han skulle vega opp til kongens skattkammer om han fekk gjera ende på jødane. 8Til Hatak gav han òg ei avskrift av brevet med lova som var gjeven i Susa om at dei skulle utryddast. Han bad han visa det til Ester og fortelja henne alt. Så skulle han påleggja henne å gå til kongen for å trygla og be kongen sjølv om nåde for folket hennar.
9Hatak kom og fortalde Ester kva Mordekai hadde sagt. 10Då påla Ester Hatak å seia dette til Mordekai: 11«Alle kongens tenarar og folket i kongens provinsar veit at om nokon, mann eller kvinne, går inn til kongen i den indre slottsgarden utan å vera innkalla, så er det berre éi lov som gjeld: døden. Berre den som kongen retter gullsepteret sitt mot, får leva. Sjølv har eg ikkje vorte kalla inn til kongen på tretti dagar.»
12Dei fortalde Mordekai kva Ester hadde sagt, 13Mordekai bad dei seia til Ester: «Tru berre ikkje at du som den einaste av jødane skal berga livet fordi du er i kongens slott. 14#1 Mos 45,7#4,14 frå ein annan stad frå Gud. For om du teier i denne tida, vil hjelp og redning koma til jødane frå ein annan stad, medan du og ditt farshus vil gå til grunne. Og kven veit om det ikkje er for ei tid som denne at du har fått dronningrang?»
15Då bad Ester dei seia til Mordekai: 16#2 Kong 7,4 «Gå og kall saman alle jødar som finst i Susa, og hald faste for mi skuld. De skal ikkje eta eller drikka på tre døgn, korkje om natta eller om dagen. Eg og tenestejentene mine vil òg fasta på same vis. Så skal eg gå inn til kongen, sjølv om det ikkje er etter lova. Skal eg gå til grunne, så går eg til grunne.» 17Mordekai gjekk av stad og gjorde alt som Ester hadde pålagt han.

Currently Selected:

Ester 4: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy