YouVersion Logo
Search Icon

Forkynnaren 3

3
Alt har si tid
1Alt har si tid,
det er ei tid for alt
som hender under himmelen:
2ei tid for å fødast, ei tid for å døy,
ei tid for å planta, ei tid for å riva opp,
3ei tid for å drepa, ei tid for å lækja,
ei tid for å riva ned, ei tid for å byggja,
4ei tid for å gråta, ei tid for å le,
ei tid for å sørgja, ei tid for å dansa,
5ei tid for å kasta stein, ei tid for å samla steinar,
ei tid for å ta i famn, ei tid for å la famntak vera,
6ei tid for å leita, ei tid for å mista,
ei tid for å gøyma, ei tid for å kasta,
7ei tid for å riva sund, ei tid for å sy i hop,
ei tid for å teia, ei tid for å tala,
8ei tid for å elska, ei tid for å hata,
ei tid for krig og ei tid for fred.
9 # 1,3 Kva har den som arbeider,
att for alt sitt strev?
10Eg såg det vonde strevet
som Gud har gjeve menneska.
11 # 3,11 alle tider Ordet tyder «tid som varer». Det same ordet er brukt i 1,4.10; 2,16; 3,14; 9,6; 12,5. Alt gjorde han vakkert, kvar ting til si tid.
Ja, alle tider har han lagt i hjartet deira.
Likevel kan ikkje mennesket fatta det Gud har gjort
frå den første tid til den siste.
12 # 2,24+ Eg skjøna at ingen ting er betre for dei
enn å gleda seg og nyta det gode i livet.
13 # 5,18 For når eit menneske får eta og drikka
og har glede av alt han eig,
er det òg ei gåve frå Gud.
14 # Sal 33,11 Eg skjøna at alt Gud gjer,
står gjennom alle tider.
Ingen kan leggja noko til,
og ingen kan trekkja noko frå.
Gud har gjort det slik
for at menneska skal ha ærefrykt for han.
15 # 1,9 Det som hender, har hendt før,
og det som skal henda, har òg hendt.
Gud søkjer opp att det som kvarv.
Alle går til same staden
16 # 4,1 Vidare såg eg under sola:
På rettens stad rådde uretten,
der rettferd skulle rå, rådde uretten.
17 # Ordt 11,31 Då sa eg til hjartet mitt:
Det er Gud som skal dømma
den som gjer rett og den som gjer urett.
Ja, han har fastsett ei tid
for alle ting og for alt som blir gjort.
18I hjartet mitt sa eg om menneska:
Gud prøver dei så dei sjølve kan sjå
at dei er som dyr.
19 # Sal 49,13 For det går slik med mennesket
som det går med dyra,
den eine som den andre:
Begge skal døy,
same livsanden har dei alle.
Mennesket har ingen fordel framfor dyra.
For alt er forgjengeleg.
20 # 1 Mos 2,7; 3,19; Job 34,15; Sal 104,29; Fork 12,7 Alle går til same staden.
Av støv er alle komne,
og til støv skal dei bli på nytt.
21Kven veit om menneskeånda stig opp,
medan dyreånda fell mot jorda?
22 # 2,24+ Eg såg at ingen ting er betre enn at mennesket
finn glede i gjerningane sine;
dette er delen det har fått.
For kven lèt mennesket sjå
det som sidan skal koma?

Currently Selected:

Forkynnaren 3: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy