YouVersion Logo
Search Icon

Forkynnaren 1

1
1 # Ordt 1,1 # 1,1 Forkynnaren Den hebr. teksten har ordet kohelet, som kan vera avleidd av ordet for «forsamling». konge i Jerusalem Det er tenkt på ein konge av Davids ætt, truleg den vise kong Salomo. Ord av Forkynnaren, son til David og konge i Jerusalem.
2 # Sal 39,6+; Fork 12,8 # 1,2 fåfengt Same ordet er omsett «forgjengeleg», «meiningslaust», «kortvarig» og «pust». Fåfengt, seier Forkynnaren, fåfengt og forgjengeleg – alt er fåfengt!
3 # 2,22; 3,9 Kva har mennesket att for sitt strev,
for alt det strevar med under sola?
4Slekter går, og slekter kjem,
men jorda er alltid den same.
5Sola går opp, og sola går ned,
så stundar ho attende
til staden ho går opp.
6Ho skin og går mot sør,
så snur ho og går mot nord,
medan vinden snur og skifter
og tek til med rundgangen på nytt.
7Alle elvar renn ut i havet,
men havet blir ikkje fullt;
dit elvane før har runne,
held dei fram med å renna.
8 # Ordt 27,20 Alle ting går sin strevsame gang,
menneskeord strekk ikkje til.
Auget blir ikkje mett av å sjå,
og øyret blir ikkje fullt av å høyra.
9 # 3,15 Det som har hendt, skal henda igjen,
og det som vart gjort, skal gjerast på nytt.
Ingen ting er nytt under sola.
10Blir det sagt om noko: «Sjå, dette er nytt»,
har det likevel hendt i tidlegare tider,
lenge før oss.
11 # 2,16 Ingen minnest det som hende før.
Og det som skal koma,
vil heller ingen hugsa
i slektene som følgjer.
Å gjeta vinden
12Eg, Forkynnaren, var konge
over Israel, i Jerusalem.
13 # 3,10 Eg la meg på hjartet å undersøkja
og granska med visdom
alt som blir gjort under himmelen.
Det er eit vondt strev
Gud har gjeve menneska
å plaga seg med.
14 # 2,11 # 1,14 å gjeta vinden kan òg omsetjast «å trå etter vinden». Jf. 4,4.6. Eg såg på kvar gjerning
som blir gjord under sola.
Sjå, alt er like fåfengt som å gjeta vinden!
15 # 7,13 Det som er kroket, kan ingen retta opp.
Det som manglar, kan ingen telja.
16 # 1 Kong 3,12 I hjartet mitt sa eg:
Sjå, eg har vunne større visdom
enn nokon som har styrt
i Jerusalem før meg.
Mykje har eg lært å kjenna
av visdom og kunnskap.
17 # 2,12; 7,25; 8,16 Eg la meg på hjartet å læra
kva som er visdom,
og kva som er dårskap og uforstand.
Men eg fann at det òg var som å gjeta vinden.
18For med stor visdom følgjer mange sorger.
Den som aukar sin kunnskap, aukar si smerte.

Currently Selected:

Forkynnaren 1: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy