YouVersion Logo
Search Icon

2. Samuelsbok 1

1
David får høyra at Saul er død
1 # 1 Sam 30,17 Då Saul var død og David var komen att etter sigeren over amalekittane, heldt han til i Siklag i to dagar. 2#1 Sam 4,12#1,2 med sundrivne … på hovudet teikn på sorg. Jf. 1 Mos 37,29; Job 2,12. =sørgjeskikkar. Den tredje dagen kom det ein mann frå Sauls leir med sundrivne klede og med jord på hovudet. Då han kom fram til David, kasta han seg til jorda og hylla han. 3David spurde han: «Kvar kjem du frå?» Han svara: «Frå Israelsleiren, eg slapp unna.» 4Då sa David til han: «Fortel meg kva som har hendt!» Han svara: «Folket flykta frå slaget, og mange av dei fall og mista livet. Saul og Jonatan, son hans, er òg døde.» 5David spurde ungguten som fortalde dette: «Korleis veit du at Saul og Jonatan, son hans, er døde?» 6#1 Sam 31,1ff Guten som melde frå, svara: «Det laga seg så at eg var på Gilboa-fjellet. Der stod Saul og støtta seg på spydet sitt medan stridsvognene og ryttarane trengde hardt inn på han. 7Han snudde seg og fekk auge på meg. Då ropa han på meg, og eg svara: Ja, her er eg. 8Så spurde han: Kven er du? Eg svara: Eg er amalekitt. 9Då sa han til meg: Still deg over meg og gjev meg dødsstøyten! For eg er i dødskrampe, men enno i live. 10Så gjekk eg bort til han og gav han dødsstøyten, for eg skjøna at han ikkje hadde kunna overleva om han hadde falle. Eg tok krona han hadde på hovudet, og ringen han hadde rundt armen, eg kjem med dei hit til min herre.»
11Då tok David tak i kleda sine og reiv dei sund. Det same gjorde alle mennene som var med han. 12#1 Sam 31,13 Heilt til kvelden heldt dei sørgjehøgtid og fasta og gret over Saul og Jonatan, son hans, over Herrens folk og Israels hus fordi dei var falne for sverd.
13Så spurde David ungguten som hadde fortalt han dette: «Kvar er du frå?» Han svara: «Eg er son til ein innflyttar, ein amalekitt.» 14#1 Sam 24,7+ Då sa David til han: «Korleis kunne du våga å leggja hand på Herrens salva og drepa han?» 15David ropa på ein av sine unge menn og sa: «Kom hit og hogg han ned!» Mannen slo han i hel, 16og David sa: «Ditt blod kjem over ditt eige hovud. For din eigen munn vitna mot deg då du sa: Eg har drepe Herrens salva.»
David sørgjer over Saul og Jonatan
17David stemde i denne likklaga over Saul og Jonatan, son hans, 18#Jos 10,13#1,18 Bogen Jf. v. 22. og han baud at Juda-folket skulle læra denne klaga. Ho blir kalla «Bogen» og er oppskriven i «Boka til den rettvise»:
19Din prydnad, Israel,
ligg drepen på haugane dine.
Falne er krigarane!
20Kunngjer ikkje dette i Gat,
meld ikkje dette på gatene i Asjkalon!
Filistardøtrene ville gleda seg,
døtrene til dei uomskorne jubla.
21 # 1,21 smurt Det var vanleg å smørja skjolda med olje. Jf. Jes 21,5. De Gilboa-fjell,
gjev det aldri må falla
dogg eller regn på dykk,
gjev markene aldri må bera førstegrøde!
For der låg tilsølte krigarskjold,
Sauls skjold var ikkje smurt med olje.
22Utan blod av falne, utan feitt av krigarar
vende aldri Jonatans boge attende
eller Sauls-sverdet umetta heim.
23Saul og Jonatan,
elska og avhaldne i live,
døden skilde dei ikkje åt.
Raskare var dei enn ørnar,
sterkare var dei enn løver.
24Israels døtrer, gråt over Saul,
som kledde dykk fagert i purpur
og prydde dykkar klede med gull!
25Falne er krigarane, falne i kamp!
Jonatan ligg drepen på haugane dine.
26 # 1 Sam 18,3 Eg sørgjer over deg,
Jonatan, min bror!
Inderleg var du meg kjær.
Din kjærleik var meg meir underfull
enn kvinners kjærleik.
27Falne er krigarane,
krigsvåpna øydelagde!

Currently Selected:

2. Samuelsbok 1: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy