2. Samuelsbok 18
N11NN
18
Absalom blir drepen
1David mønstra hæren som var med han, og sette førarar over han, nokre for tusen og nokre for hundre mann. 2Så sende han hæren av stad, ein tredjepart under Joab, ein tredjepart under Abisjai, son til Seruja og bror til Joab, og ein tredjepart under Ittai frå Gat. Kongen sa til mennene: «Eg vil sjølv dra ut i striden saman med dykk.» 3#21,17 Men dei svara: «Dra ikkje ut! For om vi rømmer, er det ingen som bryr seg om det, og om halvparten av oss fell, så ansar ingen det. Men du er jamgod med ti tusen av oss. Difor er det betre at du held deg i byen og kjem oss til hjelp derifrå.» 4Då sa kongen til dei: «Eg skal gjera som de ønskjer.» Så gjekk kongen ut og stod attmed byporten medan heile hæren drog av stad i avdelingar på hundre og tusen mann. 5Men kongen sa til Joab, Abisjai og Ittai at dei skulle fara varsamt fram med den unge Absalom. Heile hæren høyrde at kongen gav alle hærførarane dette påbodet om Absalom.
6Så drog hæren ut i open mark mot israelittane, og slaget stod i Efraim-skogen. 7Der tapte israelittane for Davids menn, og det vart eit stort mannefall den dagen, tjue tusen mann i alt. 8Striden spreidde seg over heile landet der ikring, og skogen øydde meir folk enn sverdet den dagen. 9#14,26 Det bar så til at Absalom vart oppdaga av mennene til David. Han hadde kome ridande på muldyret sitt, og muldyret hadde kome inn under dei tette greinene på ei stor eik. Hovudet hans sette seg fast i eika, og han vart hangande mellom himmel og jord. For muldyret han sat på, sprang vidare. 10Det fekk ein mann sjå, og han sa frå til Joab: «Eg såg Absalom hanga i ei eik.» 11Då sa Joab til mannen som kom med meldinga: «Når du såg det, kvifor slo du han då ikkje til jorda på flekken? Så skulle eg ha gjeve deg ti sjekel sølv og eit belte.» 12Mannen svara: «Om eg så fekk tusen sjekel sølv vege opp i neven, ville eg ikkje lyfta handa mot son til kongen. Vi høyrde alle bodet kongen gav deg og Abisjai og Ittai: Pass på at ingen gjer den unge Absalom noko! 13Men hadde eg fare fram med denne ugjerninga, så hadde ho ikkje vorte løynd for kongen, og du hadde nok halde deg unna.» 14Då sa Joab: «Eg kan ikkje stå her og venta på deg.» Så tok han tre spyd i handa og rende dei i brystet på Absalom medan han endå hang levande mellom greinene på eika. 15Og ti unge menn, våpenberarane til Joab, omringa Absalom og slo han i hel.
16Då bles Joab i hornet, og folket heldt opp med å forfølgja israelittane; for Joab stoppa dei. 17#Jos 7,26; 8,29 Så tok dei Absalom og kasta han ned i ei djup hòle i skogen og hauga opp ei stor steinrøys over han. Og alle israelittane rømde heim, kvar til sitt. 18#18,18 Kongsdalen >1 Mos 14,17. Medan Absalom levde, hadde han reist seg ein stein i Kongsdalen. «For eg har ingen son som kan halda oppe minnet om namnet mitt», sa han. Difor gav han steinen namn etter seg, og Absaloms minnestein heiter steinen den dag i dag.
David får høyra at Absalom er død
19Ahimaas, son til Sadok, sa til Joab: «Lat meg få springa til kongen med den gode bodskapen at Herren har hjelpt han til hans rett og fria han frå fiendane.» 20Men Joab svara: «Nei, i dag kan du ikkje bera gledebod. Ein annan gong kan du gå med gledebod, men ikkje i dag; for son til kongen er død.» 21Så sa Joab til ein mann frå Kusj: «Gå og fortel kongen det du har sett!» Kusjitten bøygde seg for Joab, og så sprang han av stad.
22Men Ahimaas, son til Sadok, tok til orde att og sa til Joab: «Det får gå som det vil, men lat meg få springa av stad etter kusjitten!» Joab svara: «Kvifor vil du det, guten min? Dette er då ikkje noko gledebod som du kan venta løn for.» 23Han sa: «Det får gå som det vil; eg spring av stad.» «Så spring då!» sa Joab. Så sprang Ahimaas den vegen som går over Jordan-sletta og kom føre kusjitten.
24Imedan sat David i portrommet. Vaktmannen på taket av porten gjekk over til bymuren. Der såg han utover og fekk auge på ein mann som kom springande åleine. 25Vaktmannen ropa ned til kongen og sa frå om det. Kongen sa: «Er han åleine, kjem han med god bodskap.» Mannen kom nærare og nærare. 26Då fekk vaktmannen sjå ein annan mann som kom springande, og han ropa ned til portvakta: «Sjå, der kjem endå ein springande åleine!» Kongen sa: «Han òg kjem med god bodskap.» 27Då sa vaktmannen: «Eg tykkjer den første spring så likt Ahimaas, son til Sadok.» Kongen svara: «Han er ein god mann og kjem nok med gledebod.» 28Ahimaas ropa til kongen: «Ver helsa!» Så kasta han seg ned for kongen med andletet mot jorda og sa: «Velsigna er Herren din Gud, som har late deg vinna over dei mennene som lyfte si hand mot deg, herre konge.» 29Kongen spurde: «Står det bra til med den unge Absalom?» Ahimaas svara: «Eg såg at det var stort oppstyr då Joab sende kongstenaren og meg av stad; men eg veit ikkje kva det var.» 30Kongen sa: «Gå til sides og vent der!» Så gjekk han til sides og vart ståande.
31Med det same kom kusjitten og sa: «Her er ein god bodskap, herre konge! I dag har Herren hjelpt deg til din rett og fria deg frå alle dei som hadde reist seg mot deg.» 32Kongen spurde: «Står det bra til med den unge Absalom?» Kusjitten svara: «Herre konge, gjev det må gå fiendane dine og alle som reiser seg mot deg og vil skada deg, som det gjekk den unge mannen!» 33Då vart kongen oppskaka. Han gjekk opp i rommet over porten og gret. Medan han gjekk, ropa han: «Absalom, son min, Absalom, son min, son min! Gjev eg hadde døydd i din stad! Absalom, son min, son min!»

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Learn More About Bibelen 2011 nynorsk