YouVersion Logo
Search Icon

2. Kongebok 17

17
Kong Hosea og Samarias fall
1 # 15,30 I det tolvte året Ahas var konge i Juda, vart Hosea, son til Ela, konge i Israel. Han styrte i Samaria i ni år. 2Hosea gjorde det som vondt var i Herrens auge, men bar seg ikkje så ille åt som Israels-kongane før han.
3Assyrarkongen Salmanassar drog opp imot han, og Hosea måtte gje seg under han og betala skatt. 4Men sidan fekk assyrarkongen greie på at Hosea var med på ei samansverjing. Han hadde sendt bod til egyptarkongen So og betalte ikkje lenger den årlege skatten sin til assyrarkongen. Då greip assyrarkongen han og sette han i fengsel. 5#18,9ff Så rykte han inn i landet og gjekk mot Samaria, som han heldt kringsett i tre år. 6#17,6 det niande styringsåret til Hosea 722 f.Kr. Habor stor sideelv til Eufrat, kjem frå nordaust. I det niande styringsåret til Hosea tok assyrarkongen Samaria og førte israelittane bort til Assur. Han lét dei busetja seg i Halah og ved Habor, ei elv i Gosan, og i byane i Media.
Grunnane til at Nordriket fall
7 # 2 Mos 20,3 Slik gjekk det fordi israelittane synda mot Herren sin Gud, han som førte dei opp frå Egypt og fria dei frå makta til egyptarkongen farao. Dei frykta andre gudar 8#16,3; 21,2 og følgde skikkane hos dei folka som Herren hadde drive ut for israelittane, og bar seg åt som kongane deira hadde gjort. 9#2 Krøn 26,10 I løynd gjorde israelittane det som ikkje var rett for Herren deira Gud. Dei bygde offerhaugar i alle byane sine, både i dei med vakttårn og i festningsbyane. 10#16,4 Dei reiste steinstøtter og Asjera-pålar på kvar høg haug og under kvart frodig tre. 11På alle desse haugane tende dei offereld slik som dei folkeslaga Herren hadde drive bort for dei. Dei gjorde òg mykje anna vondt som gjorde Herren rasande. 12#2 Mos 20,3; 23,13 Dei dyrka avgudar, endå Herren hadde sagt til dei: «Det skal de ikkje gjera!»
13 # Jer 25,5 Herren åtvara Israel og Juda gjennom alle profetane og sjåarane sine. Han sa: «Vend om frå dykkar vonde ferd! Hald boda og forskriftene mine i samsvar med heile den lova eg la på fedrane dykkar og sende dykk gjennom tenarane mine, profetane.» 14Men dei ville ikkje høyra. Dei var gjenstridige liksom fedrane deira, som ikkje trudde på Herren sin Gud. 15#3 Mos 18,3.24; Jer 2,5 Dei vraka forskriftene hans og den pakta han hadde gjort med fedrane deira, og dei åtvaringane han hadde gjeve dei. Dei følgde det tomme og enda i det tomme. Dei gjorde som folkeslaga ikring dei, endå Herren hadde sagt: «De skal ikkje gjera som dei!» 16#1 Kong 12,28; 16,31#17,16 himmelhæren =himmelske vesen. Dei gjekk frå alle dei boda som Herren deira Gud hadde gjeve dei. Dei laga seg to støypte kalvar og reiste ein Asjera-påle. Dei bøygde seg og tilbad heile himmelhæren og dyrka Baal. 17#16,3; 21,6#17,17 lét … gå gjennom elden >16,3. Dei lét sønene og døtrene sine gå gjennom elden, tok varsel og dreiv med spådomskunster. Dei selde seg sjølve til å gjera det som vondt var i Herrens auge, og dermed gjorde dei han rasande.
18 # 23,27 Herren vart brennande harm på israelittane og støytte dei frå sitt andlet. Berre Juda-stammen vart att. 19Men heller ikkje Juda heldt dei bod som Herren deira Gud hadde gjeve. Dei følgde dei skikkane som israelittane hadde ført inn. 20Difor vraka Herren heile Israels ætt. Han audmjuka dei, gav dei i hendene på ransmenn og kasta dei til slutt frå sitt andlet.
21 # 1 Kong 12,20.28ff For Israel reiv seg laus frå Davids hus og tok Jeroboam, son til Nebat, til konge. Jeroboam leidde israelittane bort frå Herren, og han fekk dei til å gjera stor synd. 22Israelittane gjorde dei same syndene som Jeroboam og heldt ikkje opp med dei. 23#5 Mos 28,36.63ff; 1 Kong 14,15; Am 5,27 Til sist støytte Herren dei frå sitt andlet, slik han hadde varsla gjennom alle tenarane sine, profetane. Israelittane vart førte bort frå landet sitt til Assur, og der har dei vore til denne dag.
Framand gudsdyrking i Samaria
24 # 17,24 Kuta by nordaust for Babel. Sefarvajim låg truleg mellom aramearrika Hamat og Damaskus. Assyrarkongen henta folk frå Babel, Kuta, Avva, Hamat og Sefarvajim og lét dei busetja seg i byane i Samaria i staden for israelittane. Dei tok Samaria i eige og slo seg ned i byane der. 25#3 Mos 26,22 Den første tida dei budde der, frykta dei ikkje Herren. Difor sende Herren løver inn mellom dei, og løvene drap mange av dei. 26Då var det nokon som sa til assyrarkongen: «Dei folka du førte bort og lét busetja seg i byane i Samaria, veit ikkje korleis dei skal dyrka guden her i landet. Han har sendt løver inn mellom dei, og løvene drep dei fordi dei ikkje veit korleis guden i landet skal dyrkast.» 27Då gav assyrarkongen denne ordren: «Send tilbake ein av dei prestane de har ført bort frå landet! Lat han fara av stad og busetja seg der, og så skal han læra folket korleis guden i landet skal dyrkast.» 28Ein av prestane som var bortført frå Samaria, kom då og busette seg i Betel. Han lærte folket korleis dei skulle frykta Herren.
29 # Jona 1,5 Likevel heldt kvart folk fram med å laga seg sine eigne gudar og sette dei i heilagdomar som folket i Samaria hadde bygd på offerhaugane. Det gjorde kvart folk i byane der dei budde. 30Folket frå Babel laga eit bilete av Sukkot-Benot, dei frå Kut laga eit bilete av Nergal, og dei frå Hamat laga eit bilete av Asjima. 31Folket frå Avva laga bilete av Nibhas og Tartak, og dei frå Sefarvajim brende sønene sine i elden for Adrammelek og Anammelek, gudane i Sefarvajim. 32#1 Kong 12,31 Dei frykta nok Herren, men gjorde òg nokre av sine eigne til prestar på offerhaugane, og dei ofra for dei i heilagdomane der. 33Dei frykta Herren, men dyrka sine eigne gudar på same måten som dei folkeslaga dei var bortførte frå.
34 # 1 Mos 32,28 Til denne dag har dei følgt dei gamle skikkane sine. Dei fryktar ikkje Herren og følgjer ikkje dei forskriftene og reglane, den lova og det bodet Herren la på etterkomarane til Jakob, som han gav namnet Israel. 35#2 Mos 23,13; Dom 6,10Herren gjorde ei pakt med dei og gav dei dette bodet: «De skal ikkje frykta andre gudar, ikkje bøya dykk og tilbe dei og ikkje dyrka dei eller ofra til dei. 36Men Herren som førte dykk opp frå Egypt med stor styrke og strak arm, han skal de frykta. Han skal de bøya dykk for og tilbe, og til han skal de ofra. 37Dei forskriftene og reglane, den lova og det bodet han skreiv opp for dykk, skal de alltid leggja vinn på å følgja. Og de må ikkje frykta andre gudar. 38Gløym ikkje den pakta eg gjorde med dykk, og frykt ikkje andre gudar! 39Berre Herren dykkar Gud skal de frykta; så vil han fri dykk frå fiendehand.» 40Men dei ville ikkje høyra. Dei heldt fram med å følgja dei gamle skikkane sine. 41Desse framande folkeslaga frykta nok Herren, men dyrka sine eigne gudebilete. Til denne dag har borna og barneborna deira gjort som fedrane.

Currently Selected:

2. Kongebok 17: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in