YouVersion Logo
Search Icon

2. Johannes 1

1
Helsing
1 # 1 Pet 5,1; 3 Joh 1 # 1 Den eldste ein leiar i forsamlinga. =tenester. den utvalde frua forsamlinga. Den eldste helsar den utvalde frua og borna hennar, som eg i sanning elskar, ja, ikkje berre eg, men alle som har lært sanninga å kjenna. 2Henne elskar vi fordi sanninga bur i oss og vil vera med oss til evig tid. 3#1 Tim 1,2 Nåde, miskunn og fred frå Gud, vår Far, og frå Jesus Kristus, hans Son, vere med oss – i sanning og kjærleik.
Sanning og kjærleik
4 # 3 Joh 3f Eg vart inderleg glad då eg møtte nokre av borna dine og såg at dei går fram i sanninga, slik vår Far har gjeve oss påbod om. 5#Matt 22,37ff; 1 Joh 2,7.24; 3,11 Og no legg eg deg på hjartet, frue, ikkje eit nytt bod som eg skriv til deg, men eitt vi har hatt frå første stund: at vi skal elska kvarandre. 6#Joh 14,15.23f; 1 Joh 5,3 Og dette er kjærleiken: at vi går fram etter hans bod. Dette bodet har de høyrt frå første stund, og etter det skal de gå fram.
Falske lærarar
7 # 1 Joh 2,18f+; 4,1 # 7 Antikrist «mot-Kristus», tittel på ein hovudmotstandar av Kristus. For det har gått mange forførarar ut i verda, slike som ikkje vedkjenner at Jesus Kristus er komen i kjøt og blod. Dette er forføraren, Antikrist! 8#8 de har arbeidd for Mange handskrifter har «vi har arbeidd for». Vakta dykk, så de ikkje mistar det de har arbeidd for, men får den fulle løna.
9 # 1 Joh 2,23; 4,15 Den som ikkje blir verande i Kristi lære, men går ut over den, er òg utan Gud. Den som blir verande i læra, har fellesskap både med Sonen og med Faderen. 10#Matt 10,13f; Apg 19,9; Rom 16,17+ Kjem det nokon til dykk og ikkje har denne læra, skal de ikkje ta han inn i huset og ikkje ønskja han velkomen! 11For den som ønskjer han velkomen, blir medskuldig i alt det vonde han gjer.
Sluttord
12 # 3 Joh 13f Eg har enno mykje meir eg kunne skriva til dykk, men eg vil ikkje seia det med papir og blekk. For eg håpar å få koma til dykk og tala med dykk, andlet til andlet, så gleda vår kan vera fullkomen.
13 # 13 Borna til syster di dei kristne i forsamlinga som brevet er sendt frå. Borna til syster di, ho som er utvald, helsar deg.

Currently Selected:

2. Johannes 1: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy