2. Krønikebok 17
N11NN
17
Kong Josjafat av Juda
1 # 1 Kong 15,24; 22,41ff Etter Asa vart Josjafat, son hans, konge. Han styrkte stillinga mot Israel. 2Han la troppar i alle festningsbyane i Juda, og han sette vaktpostar rundt om i Juda og i dei byane som Asa, far hans, hadde teke i Efraim. 3Herren var med Josjafat, for han følgde dei vegane som David, stamfar hans, før hadde følgt. Han søkte ikkje Baal-gudane, 4men Gud til far sin. Han heldt boda hans og levde ikkje slik som dei gjorde i Israel. 5#18,1 Difor tryggja Herren kongsmakta i hans hand, og heile Juda kom med gåver til Josjafat, så han fekk stor rikdom og ære. 6Med frimodig hjarte følgde han Herrens vegar, og han fjerna òg offerhaugane og Asjera-pålane frå Juda.
7I det tredje styringsåret sitt sende Josjafat nokre av stormennene sine ut for å undervisa folket i Juda-byane. Det var Ben-Hajil, Obadja, Sakarja, Netanel og Mikaja. 8Saman med dei sende han levittane Sjemaja, Netanja, Sebadja, Asael, Sjemiramot, Jonatan, Adonja, Tobia og Tob-Adonja, levittar alle saman, dessutan prestane Elisjama og Joram. 9#17,9 Herrens lovbok >2 Kong 22,8. Når dei underviste i Juda, hadde dei Herrens lovbok med seg. Dei drog omkring i alle Juda-byane og underviste folket.
10 # 1 Mos 35,5; 2 Krøn 14,14; 20,29 Ei redsle for Herren var komen over alle land og rike som låg kring Juda, så dei ikkje gjekk til krig mot Josjafat. 11Nokre av filistrane kom til Josjafat med gåver og med sølv som avgift. Arabarane òg kom til han med småfe, sju tusen sju hundre vêrar og sju tusen sju hundre bukkar. 12Slik fekk Josjafat større og større makt, og han bygde borger og forrådsbyar i Juda. 13Han hadde store arbeid i gang i Juda-byane og stridsmenn, djerve krigarar, i Jerusalem.
14Slik var dei mønstra, slekt for slekt: Førarane for tusen i Juda var: Adna, som var førar for 300 000 djerve krigarar; 15jamsides han Johanan, som var førar for 280 000; 16og jamsides han Amasja, son til Sikri, som frivillig hadde gått i Herrens teneste, og saman med han 200 000 djerve krigarar. 17Frå Benjamin var det Eljada, ein djerv krigar, og saman med han 200 000 mann som var væpna med boge og skjold, 18og jamsides han Josabad med 180 000 våpenføre menn. 19Dette var dei som stod i teneste hos kongen, forutan dei som kongen hadde lagt i festningsbyane i heile Juda.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Learn More About Bibelen 2011 nynorsk