YouVersion Logo
Search Icon

1. Samuelsbok 9

9
Saul blir konge
1Det var ein mann av Benjamin-stammen som heitte Kisj. Han var son til Abiel, son til Seror, son til Bekorat, son til Afiah, som var frå Benjamin. Kisj var ein velhalden mann. 2#10,23; 2 Sam 14,25 Han hadde ein son som heitte Saul, ein staut ung mann. Det fanst ingen stautare enn han i Israel. Han var eit hovud høgare enn alle andre.
3Ein gong kom det bort nokre eselhopper for Kisj, far til Saul. Då sa han til son sin: «Ta med deg ein av tenestegutane og ta i veg og leita etter eselhoppene!» 4Dei drog over Efraim-fjella og gjennom Sjalisja-landet, men fann dei ikkje. Så drog dei gjennom Sjaalim-landet, men esla var ikkje der heller. Sidan drog dei gjennom Benjamin-landet, men fann dei ikkje. 5Då dei kom til Suf-traktene, sa Saul til tenesteguten som var med han: «Kom, lat oss gå heim att, elles blir far min meir uroleg for oss enn for esla.» 6Men tenesteguten svara: «Høyr no, i byen her bur det ein gudsmann som det går gjetord om. Alt han seier, slår til. Lat oss gå dit! Han kan visst seia oss vegen vi skal gå.» 7#4 Mos 22,7; 1 Kong 14,3 Saul sa til tenesteguten: «Ja, lat oss gå, men kva skal vi ha med til mannen? Det er slutt på brødet i sekkene våre, og vi har inga gåve vi kan gje gudsmannen. Kva har vi vel med oss?» 8#9,8 1/4 sjekel ca. 2,8 g. Tenesteguten tok til orde att og sa til Saul: «Her har eg ein kvart sjekel sølv; den kan eg gje gudsmannen, så seier han oss nok kva veg vi skal gå.» 10Saul svara: «Du har rett. Kom, lat oss gå dit!» Så gjekk dei til byen der gudsmannen var.
11 # 1 Mos 24,11; 2 Mos 2,16 Då dei gjekk opp bakken som førte til byen, møtte dei nokre jenter som kom ut for å henta vatn, og spurde dei: «Er sjåaren her?» 9#4 Mos 24,4#9,9 Dette verset er sett etter v. 11; der høyrer det naturleg heime i samanhengen. – Før i tida sa folk i Israel når nokon gjekk for å søkja råd hos Gud: «Kom, lat oss gå til sjåaren!» Det dei no kallar profet, kalla dei før i tida sjåar. – 12Jentene svara: «Ja, han er beint framfor dykk. Skunda dykk, han er komen til byen i dag, for i dag held folket ei offerhøgtid på haugen. 13Når de kjem inn i byen, finn de han før han går opp på haugen til måltidet. Folket et ikkje før han kjem, for det er han som velsignar offeret. Først då tek gjestene til å eta. Gå berre opp, for no kan de treffa han.»
14Så gjekk dei opp til byen, og med det same dei var komne inn i byen, kom Samuel imot dei på veg opp til offerhaugen. 15Dagen før Saul kom, hadde Herren varsla Samuel og sagt: 16#2 Mos 3,7 «I morgon på denne tida sender eg til deg ein mann frå Benjamin-landet; han skal du salva til fyrste over Israel, folket mitt. Han skal fria folket mitt frå filistarhand; for eg har sett kor folket mitt lid, og klageropa deira har nådd meg.» 17Då Samuel fekk auge på Saul, sa Herren til han: «Sjå, der er den mannen som eg tala til deg om. Han skal styra folket mitt.»
18Saul gjekk bort til Samuel midt i porten og sa: «Kan du seia meg kvar sjåaren bur!» 19Samuel svara Saul: «Eg er sjåaren. Gå føre meg opp på haugen! De skal eta med meg i dag. I morgon tidleg skal eg senda deg av stad, og eg skal fortelja deg alt som hjartet ditt vil vita. 20Eselhoppene som kom bort for deg for tre dagar sidan, skal du ikkje vera uroleg for; dei er komne til rette. Men kven er det heile Israel ønskjer seg? Er det ikkje deg og huset til far din?» 21#15,17 Saul svara: «Men er ikkje eg berre ein benjaminitt, frå ein av dei minste stammane i Israel? Og er ikkje slekta mi den ringaste av alle slekter i Benjamin-stammen? Kvifor snakkar du då slik til meg?»
22Men Samuel tok Saul og tenesteguten hans og førte dei inn i hallen. Han gav dei plass øvst mellom gjestene. Det var om lag tretti mann der. 23Samuel sa til kokken: «Kom hit med det stykket som eg gav deg og bad deg leggja til sides.» 24Kokken tok opp lårstykket og det som følgde med, og sette det fram for Saul. Og Samuel sa: «Her har du det som er att. Et no! Det vart halde av for deg til denne festen som eg har kalla folket saman til.» Så åt Saul saman med Samuel den dagen.
25 # 5 Mos 22,8 Sidan gjekk dei ned frå haugen og inn i byen, og Samuel sat og snakka med Saul på taket. 26Tidleg om morgonen, då det grydde av dag, ropa Samuel til Saul oppe på taket: «Stå opp, så skal eg følgja deg på veg!» Saul stod opp, og dei gjekk ut saman. 27Då dei kom til utkanten av byen, sa Samuel til Saul: «Sei til tenesteguten din at han skal gå i førevegen.» Tenesteguten gjekk, og Samuel sa: «Bli ståande her ei stund, så skal du få høyra kva Gud har sagt.»

Currently Selected:

1. Samuelsbok 9: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy