YouVersion Logo
Search Icon

1. Krønikebok 9

9
1 # 2 Kong 24,15f; 25,11 Heile Israel vart ført opp i slektsregister, og sjå, dei er innskrivne i boka om Israels-kongane.
Innbyggjarane i Jerusalem
Men fiendane førte Juda i eksil til Babel fordi dei hadde vore trulause. 2Dei første som busette seg på eigedomane deira og i byane deira, var vanlege israelittar, prestar, levittar og tempeltenarar. 3#Neh 11,3–19 I Jerusalem busette det seg folk frå Juda, Benjamin, Efraim og Manasse. 4Det var: Utai, son til Ammihud, son til Omri, son til Imri, son til Bani, ein av sønene til Peres, son til Juda. 5Vidare av etterkomarane av Sjela: Asaja, den førstefødde, og sønene hans; 6av Serah-sønene: Je'uel. Slektningane hans talde 690 personar. 7Av etterkomarane av Benjamin: Sallu, son til Mesjullam, son til Hodavja, son til Hassenua, 8og Jibneja, son til Jeroham, og Ela, son til Ussi, son til Mikri, og Mesjullam, son til Sjefatja, son til Re'uel, son til Jibnia, 9og slektningane deira ifølgje slektshistoria, 956 i alt. Alle desse var leiarar for familiane sine.
10Av prestane: Jedaja, Jojarib og Jakin, 11Asarja, son til Hilkia, son til Mesjullam, son til Sadok, son til Merajot, son til Ahitub, leiaren for Guds hus, 12og Adaja, son til Jeroham, son til Pasjhur, son til Malkia, og Masai, son til Adiel, son til Jahsera, son til Mesjullam, son til Mesjillemot, son til Immer, 13og slektningane deira, leiarar for familiane sine, 1760 i alt. Det var dyktige menn, vel skikka til å gjera teneste i Guds hus.
14Av levittane: Sjemaja, son til Hasjub, son til Asrikam, son til Hasjabja, ein av etterkomarane av Merari, 15og Bakbakkar, Heresj, Galal og Mattanja, son til Mika, son til Sikri, son til Asaf, 16og Obadja, son til Sjemaja, son til Galal, son til Jedutun, og Berekja, son til Asa, son til Elkana, som budde i landsbyane til Netofa-slekta.
17Portvaktene: Sjallum, Akkub, Talmon og Ahiman og slektningane deira; Sjallum var den øvste av dei. 18#9,18 Dei Sjallum-ætta. Dei står framleis ved Kongeporten mot aust. Det er dei som held vakt i leirane til levittane. 19Sjallum, son til Kore, son til Ebjasaf, son til Korah, og slektningane hans, Korah-sønene, som høyrde til same familien som han, hadde som si teneste å vera dørvaktarar ved teltet; fedrane deira hadde vakta inngangen til Herrens leir. 20#4 Mos 25,7–13 Pinhas, son til Elasar, hadde vore leiaren deira. Herren var med han. 21Sakarja, son til Mesjelemja, var dørvaktar ved inngangen til teltheilagdomen.
22 # 1 Sam 9,9ff Desse som var utvalde til å vera dørvaktarar, var i alt 212 mann. Dei var oppskrivne i slektsregister etter landsbyane sine. David og sjåaren Samuel hadde sett dei inn i tenesta fordi dei var pålitelege. 23Dei og sønene deira skulle halda vakt avdelingsvis ved portane til Herrens hus, ved teltbustaden. 24Dørvaktarane stod på post vende mot dei fire vindretningane, mot aust, vest, nord og sør. 25Slektningane deira i landsbyane ikring skulle frå tid til anna koma og hjelpa dei i sju dagar. 26#9,26 leiarar for portvaktene Jf. v. 17. Fordi dei var trufaste, hadde desse fire, som var levittar, vorte innsette som leiarar for portvaktene. Tempelromma og skattkammera i Guds hus vakta dei òg. 27Om natta heldt dei seg kring Guds hus; for det var deira plikt å halda vakt og opna portane kvar morgon.
28Nokre av dei hadde tilsyn med dei gjenstandane som vart nytta i gudstenesta. Dei skulle telja dei både når dei bar dei inn, og når dei bar dei ut. 29Andre var sette til å ta vare på det vanlege utstyret og det heilage utstyret, det fine mjølet, vinen, oljen, røykjelsen og balsamen. 30#2 Mos 30,25 Nokre av prestane laga blandinga til den velluktande balsamen. 31Mattitja, ein av levittane, den førstefødde sonen til Sjallum av Korah-slekta, var tiltrudd tilsynet med brødbakinga. 32#3 Mos 24,5–9 Og nokre av slektningane deira frå Kehat-slekta hadde ansvaret for tilsynet med skodebrøda, som dei skulle leggja fram kvar sabbat. 33#9,14–16 Så var det tempelsongarane, leiarar for levittfamiliane. Dei heldt til i tempelromma og var fritekne for alle andre tenester, for dei laut gjera teneste dag og natt. 34#9,14–32 Dette var leiarane for levittfamiliane, hovdingar etter slektshistoria si. Dei budde i Jerusalem.
Slekta til Saul
35 # 8,29–33; 10,2 I Gibeon budde Je'uel, far til Gibeon. Kona hans heitte Maaka. 36Den førstefødde sonen hans var Abdon. Så kom Sur, Kisj, Baal, Ner, Nadab, 37Gedor, Ahjo, Sakarja og Miklot. 38Miklot fekk sonen Sjima. Dei òg budde i Jerusalem som brørne sine, saman med dei. 39Ner fekk sonen Kisj, og Kisj fekk Saul. Saul fekk sønene Jonatan, Malkisjua, Abinadab og Esjbaal. 40Son til Jonatan var Meribbaal, og Meribbaal fekk sonen Mika. 41Sønene til Mika var Piton, Melek, Tarea og Ahas. 42Ahas fekk sonen Jara, og Jara fekk sønene Alemet, Asmavet og Simri. Simri fekk sonen Mosa, 43og Mosa fekk Bina. Hans son var Refaja, hans son Elasa og hans son Asel. 44Asel hadde seks søner, og dette er namna deira: Asrikam, Bokeru, Ismael, Sjearja, Obadja og Hanan. Alle desse var sønene til Asel.

Currently Selected:

1. Krønikebok 9: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy