YouVersion Logo
Search Icon

1. Krønikebok 4

4
Judas ætteliste held fram
1 # 2,3ff Sønene til Juda var Peres, Hesron, Karmi, Hur og Sjobal. 2Reaja, son til Sjobal, fekk sonen Jahat, og Jahat fekk sønene Ahumai og Lahad. Det var Sora-slektene. 3Dette er sønene til Abietam: Jisreel, Jisjma og Jidbasj – dei hadde ei syster som heitte Haslelponi – 4#4,4 Penuel, far til Gedor >2,24. Penuel, far til Gedor, og Eser, far til Husja. Dei var sønene til Hur, som var den førstefødde til Efrat og far til Betlehem.
5Asjhur, far til Tekoa, hadde to koner, Hela og Naara. 6Naara fødde Ahussam, Hefer, Temeni og Ahasjtari til han. Dette var sønene til Naara. 7#4,7 Kos Namnet Kos står ikkje i den hebr. teksten. Sønene til Hela var Seret, Jishar, Etnan og Kos. 8Kos fekk sønene Anub og Hassobeba, og han vart stamfar til slektene etter Aharhel, son til Harum.
9 # 4,9 Jabes Her blir namnet sett i samband med eit ord som tyder smerte. Jabes var meir vørd enn brørne sine. Mor hans gav han namnet Jabes. «For eg har fødd han med smerte», sa ho. 10#4,10 og spara meg for liding kan òg omsetjast «så eg ikkje blir opphav til liding». Jabes kalla på Israels Gud og sa: «Å, om du ville velsigna meg, auka landområdet mitt og støtta meg med di hand, fria meg frå ulukke og spara meg for liding!» Og Gud lét det gå som han bad.
11Kelub, bror til Sjuha, fekk sonen Mehir, han som vart far til Esjton. 12Og Esjton fekk sønene Bet-Rafa, Paseah og Tehinna, han som vart far til Ir-Nahasj. Dette var mennene frå Reka.
13Kenas hadde sønene Otniel og Seraja, og son til Otniel var Hatat. 14Meonotai fekk sonen Ofra, og Seraja fekk sonen Joab, som vart stamfar til slekta i Handverkardalen. Dei var handverkarar. 15Kaleb, son til Jefunne, hadde sønene Ir, Ela og Naam, og son til Ela var Kenas.
16Sønene til Jehallelel var Sif, Sifa, Tirja og Asarel. 17Sønene til Esra var Jeter, Mered, Efer og Jalon. Jeter vart far til Mirjam, Sjammai og Jisjbah, far til Esjtemoa. 18#4,18 sønene Namna på sønene manglar. Kona hans frå Juda fødde Jered, som vart far til Gedor, Heber, far til Soko, og Jekutiel, far til Sanoah. Dette er sønene til Bitja, dotter til farao, som Mered hadde gift seg med. 19Kona til Hodia, som var syster til Naham, hadde desse sønene: far til Ke'ila frå Garem og Esjtemoa frå Maaka. 20Sønene til Sjimon var Amnon, Rinna, Ben-Hanan og Tolon. Sønene til Jisji var Sohet og Ben-Sohet.
21Etterkomarane av Sjela, son til Juda, var Er, far til Leka, Lada, far til Maresja, og dei slektene som høyrde til linvevar-lauget i Bet-Asjbea, 22#4,22 komne … til Lehem kanskje stadnamnet Jasjubi-Lehem eller Betlehem. Jokim og mennene i Koseba, Joasj og Saraf, som hadde styrt i Moab, men var komne heim att til Lehem – etter gamle overleveringar. 23Dei var pottemakarar, desse folka, og budde i Neta'im og Gedera. Der heldt dei til hos kongen og var i teneste hos han.
Ætta til Simon
24 # 1 Mos 46,10 Sønene til Simon var Nemuel, Jamin, Jarib, Serah og Saul. 25Son til Saul var Sjallum, son hans var Mibsam, og son hans Misjma. 26Sønene til Misjma var Hammuel, Sakkur og Sjimi. 27Sjimi hadde seksten søner og seks døtrer. Men brørne hans hadde ikkje mange søner. Difor auka ikkje slekta deira så mykje som Juda-sønene.
28 # Jos 19,1–8 Dei budde i Beer-Sjeba, Molada og Hasar-Sjual, 29i Bilha, Esem og Tolad, 30i Betuel, Horma og Siklag, 31i Bet-Markabot, Hasar-Susim, Bet-Biri og Sjaarajim – desse byane hadde dei heilt til David vart konge – 32og i landsbyane som høyrde til, i Etam, Ajin, Rimmon, Token og Asjan, fem byar i alt, 33og i alle landsbyane som låg ikring desse byane, heilt til Baal. Dette var bustadene deira, og der var dei innskrivne.
34Mesjobab, Jamlek og Josja, son til Amasja, 35Joel og Jehu, son til Josjibja, som var son til Seraja, Asiels son, 36Eljoenai, Jaakoba, Jesjohaja, Asaja, Adiel, Jesimiel og Benaja, 37og Sisa, son til Sjifi, som var son til Allon, son til Jedaja, som var son til Sjimri, som var son til Sjemaja 38– alle desse som her er nemnde med namn, var leiarar i slektene sine, og familiane deira breidde seg vidt.
39Dei drog av stad bortover mot Gedor, til austsida av dalen, og ville leita etter beite til småfeet sitt. 40Og dei fann eit beite som var rikt og godt. Landet var vidstrekt, det var stilt og fredfylt. Dei som budde der før, høyrde Ham-ætta til.
41 # 2 Kong 18,1 # 4,41 dei som her er oppskrivne i v. 34–37. slo … med bann og utrydda =bann. På den tid Hiskia var konge i Juda, kom dei som her er oppskrivne med namn, og gjekk til åtak på telta og bustadene deira der. Dei slo dei med bann og utrydda dei. Slik har det vore heilt til denne dag. Så busette dei seg der i staden for dei, for der var det beite for sauene deira.
42Nokre av desse Simon-sønene drog til Se'ir-fjella. Det var fem hundre mann under leiing av Pelatja, Nearja, Refaja og Ussiel, sønene til Jisji. 43Dei slo i hel resten av dei amalekittane som hadde sloppe unna. Så busette dei seg der og har budd der til denne dag.

Currently Selected:

1. Krønikebok 4: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy