1. Krønikebok 10
N11NN

1. Krønikebok 10

10
Saul døyr
1 # 1 Sam 31,1–13 Filistrane gjekk til kamp mot Israel. Då flykta israelittane for dei, og det låg mange falne på Gilboa-fjellet. 2Filistrane var like i hælane på Saul og sønene hans, og dei felte Jonatan, Abinadab og Malkisjua, sønene til Saul. 3Saul var hardt pressa i kampen; bogeskyttarane kom over han, og han skalv av redsle for dei. 4Då sa Saul til våpenberaren sin: «Dra sverdet ditt og støyt det gjennom meg, så ikkje desse uomskorne skal koma og mishandla meg.» Men våpenberaren ville ikkje; han var for redd. Då tok Saul sjølv sverdet og styrta seg mot det. 5Då våpenberaren såg at Saul var død, styrta han seg mot sverdet sitt og følgde han i døden. 6Slik døydde Saul og dei tre sønene hans, og heile hans hus døydde ut med han. 7Då alle israelittane som budde i dalen, såg at soldatane hadde flykta, og at Saul og sønene hans var falne, tok dei ut frå byane sine og flykta. Og filistrane kom og slo seg ned der.
8Dagen etter kom filistrane for å plyndra dei døde. Då fann dei Saul og sønene hans som låg falne på Gilboa-fjellet. 9Dei plyndra Saul og tok med seg hovudet og våpna hans. Så sende dei bod rundt om i filistarlandet for å ropa ut sigersbodskapen for gudebileta og for folket. 10Våpna hans la dei ned i gudetempelet sitt, og hovudskallen hengde dei opp i Dagons tempel.
11Då heile Jabesj i Gilead fekk høyra kva filistrane hadde gjort med Saul, 12drog alle våpenføre menn av stad. Dei tok lika av Saul og sønene hans og førte dei til Jabesj. Så gravla dei knoklane deira under eiketreet i Jabesj og fasta i sju dagar.
13 # 1 Sam 15,11ff; 28,7–14 # 10,13 spurt … til råds På hebr. er det eit ordspel mellom namnet Saul og ordet for «å spørja». Slik døydde Saul fordi han hadde vore trulaus mot Herren og ikkje halde seg etter Herrens ord. Han hadde òg spurt gjenferd til råds, 14men ikkje søkt råd hos Herren. Difor lét Herren han døy, og kongedømet gjekk over til David, son til Isai.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Learn More About Bibelen 2011 nynorsk